Hopp til innhold

Ny nettleige frå nyttår – skal gjere straumkundane smartare

Norske straumkundar får ny nettleige frå nyttår. Målet er at nordmenn skal byrje å bruke straum på ein smartare måte.

Strøm, Strømpriser, høyspent, mast, elektrisitet

NY NETTLEIGE: Frå nyttår vil alle nettselskap i Noreg skifte prismodell. Målet med endringa er å stimulere til jamnare straumforbruk.

Foto: Paul Kleiven / NTB

I dag består nettleiga di av eitt fastledd og eitt energiledd, som er basert på kor mykje energi du bruker. Frå 1. januar 2022 vert dette endra.

Då vil fastleddet avhenge av kor mykje straum du bruker samtidig.

I praksis vil du hamne på eit trinn i ein prisstige, avhengig av kor mykje kapasitet du brukte den timen du brukte mest straum den siste månaden.

Målet med «stigen» er å påskjøne kundar som kutter toppane i straumforbruket sitt. Dei fleste har forbrukstoppen sin på morgonen før jobb, og på ettermiddagen når dei kjem heim att.

Det er Olje- og energidepartementet som har vedteke forskriftsendringa.

Endringa kjem etter mange år med utgreiingar og høyringar, og er basert på eit forslag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) om at nettleiga i større grad må stimulere til jamnare straumforbruk.

Statnett gjekk i vinter til det skritt å be elbilistar om å unngå å lade i timane med høgast etterspørsel (07-09 om morgonen), for ikkje å overbelaste straumnettet.

Marte Mjøs Persen

NY STATSRÅD: Det er Olje- og energidepartementet som har vedteke forskriftsendringa. På bilete: Marte Mjøs Persen (Ap), ny statsråd i departementet.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Det grøne skiftet

Ein nasjon med smartare straumbrukarar vil i sin tur minke presset på straumnettet, som kan få problem med kapasiteten i takt med folk og industri byter ut fossil energi med meir elektrisitet.

Eller med ein metafor: Behovet for ein firefelts motorveg vert borte, eller iallfall mindre, om trafikken vert fordelt jamnare utover.

I dag lader om lag halvparten av norske elbilistar bilen om natta (00-07). Det viser Elbilforeningens medlemsundersøking «Elbilisten 2020»

Kan spare ein tusenlapp i året

Atle Isaksen er leiar for nettforvaltning og utvikling i BKK Nett.

– For det store fleirtalet betyr dette at nettleiga vert lågare eller uendra. Dei som er flinkast til å fordele straumbruken, kan spare ein tusenlapp i året.

Han har rekna ut korleis den nye ordninga vil slå ut i pris om forbruket er relativt likt som i dag:

Privatkundar med eit forbruk på 10.000 kWh i året ligg an til å få ein reduksjon i nettleiga på ca. 6 prosent. Dei som bruker 20.000 kWh får omtrent uendra nettleige, medan privatkundane med forbruk på 30.000 kWh får ein reduksjon på ca. 3 prosent.

Isaksen legg til:

– Dei som risikerer ein auke i nettleiga neste år, er kundar med ujamt forbruk som bruker mykje straum i korte periodar.

Kundar som bruker veldig lite straum kan også rekne med ei auke. Dette gjeld blant anna kundar i blokk, som i dag har noko lågare fastledd enn andre husholdningskundar.

Brann i mast i Gildeskål - nødnettet nede i flere timer
Foto: Niklas Aune Johnsen / NRK

– Kan auke brannfaren

Den nye nettleigemodellen har også blitt kritisert.

Huseigarane (landsforbundet) har uttala at folk med dårleg råd vil bli ekstra hardt råka, fordi dei har få moglegheiter til å justere straumforbruket ned.

Medan Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har åtvara om at ordninga vil auke brannfaren fordi fleire vil vaske klede om natta eller velje for liten hovudsikring.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skriv i sin langtidsprognose at straumprisen i snitt vil ligge på 45 øre kilowattimen i 2040.

– Alt anna likt er det slik at jo meir vi elektrifiserer, jo høgare vert straumprisane, seier NVE-direktør Kjetil Lund.

Høyspentlinje og vindmøller i Høg-Jæren energipark.
Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal