Senterpartileiaren har vore i hardt vêr dei siste vekene, etter at ein evalueringsrapport teikna eit knusande bilete av partiet.
Av rapporten gjekk det fram at Navarsete hadde verka dårleg førebudd på TV-debattar, at leiinga var fråverande under valkampen og at leiarstriden mellom Ola Borten Moe og Navarsete var øydeleggande.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Og i ei måling gjort av Ipsos MMI for Dagbladet kjem dei meir dårleg nytt for Sp og Navarsete. Av dei spurte svarar berre 26 prosent av Senterpartiet sine veljarar at dei er nøgde med partileiaren.
Dette er langt dårlegare oppslutnad enn det partileiarane i alle andre parti får frå sine veljarar. 56 prosent meiner Navarsete gjer ein middels jobb, medan 18 prosent meiner ho gjer ein dårleg jobb, skriv Dagbladet.
I ei tilsvarande undersøking rett etter valet i haust var det 45 prosent som meinte Sp-leiaren gjorde ein god jobb, 43 prosent som svarte middels god jobb og 7 prosent som meinte ho gjorde ein dårleg jobb.
Samanliknar ein med Ap og KrF, viser målinga av 91 prosent av Ap sine veljarar er nøgde med Jens Stoltenberg sin jobb som leiar, medan 99 prosent av KrF sine veljarar er nøgde med Knut Arild Hareide.
Navarsete er på juleferie og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, skriv Dagbladet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: