Hopp til innhold

Ny lysfest på himmelen i kveld

Dei siste nettene har himmelen i sør bada i vakre fargar. Nordlyset er ein sjeldan gjest så langt sør og så tidleg på året, seier meteorolog.

Marius S. Refvik gler seg over det vakre nordlyset som er å sjå for tida. Her frå Refvik i Nordfjord.

Marius. S. Refvik gler seg over nordlyset som er å sjå for tida.

Foto: Marius S. Refvik

– Det er heilt magisk når nordlyset dansar på himmelen. Det må nytast der og då, seier Marius Stavenæs Refvik (31) frå Refvik i Vestland fylke.

Dei to siste kveldane har han og mange andre kunne nyte nordlyset, som nordlendingane som regel har gleda av å sjå.

Stavenæs Refvik er glad i å ta bilete og sikra seg også nokre blinkskot av gårsdagens fargespel på himmelen.

Marius S. refvik

Marius S. Refvik er glad i å ta bilete ute i det fri og tek gjerne bilete av nordlys og vakker natur.

Foto: Marius S. Refvik

Nye moglegheiter måndag kveld

I kveld og i natt blir det nye turar ut for å sjå etter nordlyset, for mykje tyder på at det kan bli endå ein vakker kveld.

– Det er gode moglegheiter for å sjå nordlyset, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

I store delar av landet er det nemleg meldt om lite skyer, noko som gjer til at det er gode forhold for å sjå vakre fargar på himmelen.

Dette gjeld i hovudsak frå Helgeland og sørover til Trøndelag, Møre og Romsdal, samt store delar av Austlandet. Delar av Vestland fylke får også dels lite skyer, så også her er det moglegheiter.

Meir usikkert er det derimot i Agder og i Rogaland.

Wiberg legg også til at Møre og Romsdal og Trøndelag mogleg kan få litt tåke, og det kan skape litt trøbbel.

Robin Olaisen tok dette biletet i Sandvikhalsen Bø i Vesterålen natt til søndag.

Robin Olaisen tok dette biletet i Sandvikhalsen i Bø i Vesterålen natt til søndag.

Foto: Robin Olaisen

– Ikkje så vanleg her sør

Meteorologen er sjølv ihuga nordlys-entusiast og følger med på varsla som fortel om det kjem nordlys.

På yr.no kan du følge med kor det er utslag natt til måndag. Wiberg oppmodar folk om å få med seg måndagskveldens fargespel.

– Det er magisk. Som regel er dette eit vinterfenomen og vi ser det ikkje så ofte på denne tida av året. Her i sør er det heller ikkje så vanleg, så det er litt spesielt at vi ser det så langt sør i landet som vi gjer no, seier Wiberg.