– Me prøver å vera «smaoe», men i år vart me store. Mykje større enn me hadde trudd!
Astrid Trulssen smiler og ser ut over folkemengda på årets julemarknad i Gamle Lærdalsøyri.
Ho er leiar i marknadsnemnda i Lærdal, og ho har mange grunner til å vera fornøgd med årets julemarknad.
På tradisjonsrik grunn mellom trehus frå 17- og 1800-talet, har nemleg over førti salsbuer kome på plass i høve årets julemarknad. Det er ny rekord.
– Talet på utstillarar er tredobla i år i forhold til kva det har vore før. Det vart meir arbeid enn me hadde tenkt, men det er berre kjekt, seier Trulssen.
VERDT STREVET: Astrid Trulssen er leiar i marknadsnemnda i Lærdal. Ho jublar over årets marknad.
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRKAlt kunne vore annleis
Trulssen tykkjer òg det rørande å sjå folkelivet mellom dei trehusa på Gamle Lærdalsøyri, med tanke på korleis det kunne ha sett ut her. I januar er det fire år sidan Lærdal sentrum vart hardt råka av brann. Trass i at brannen spreidde seg raskt den gongen, vart mesteparten av dei gamle bygningane berga.
– Tenk viss alt dette hadde gått tapt. Me kunne jo aldri ha bygd det opp igjen, seier Trulssen alvorleg.
– Korleis kjennest det å sjå utover eit så levande sentrum i dag?
– Det er utruleg flott. Eg blir så glad av å sjå kor mange som koser seg.
Trulssen seier også at det er løn for strevet det er med å stable ein slik marknad på beina.
– Det er ein viktig dag for dei lokale butikkane, og ikkje minst for heile lokalsamfunnet.
– Det betyr mykje
Ei av dei som er med på julemarknaden for første gong i år er Gro Anita Røren. Ho er samd med Trulssen om at julemarknaden er viktig for lokalsamfunnet.
– Eg trur det har mykje å seie å ha ein slik marknad. Det er koseleg og stemningsskapande å kome hit før jul.
FØRSTE GONG: Gro Anita Røren forstår godt at folk kjem langvegsfrå for å oppleve stemninga.
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRKLitt av den spesielle stemninga trur Røren kjem av kvar marknaden er plassert.
– Det er jo noko med å gå her blant dei gamle bygningane og kjenne på historia, det er på ein måte dette som er sjølve Lærdal. Eg skjønnar at folk kjem langvegsfrå for dette.
Både framfor og bak salsbuene på julemarknaden kan ein høyre forskjellige språk og dialekter, og det er tydeleg at dette ikkje berre er dei lokale som kjem for å handle til jul.
Ronja Lund har teke turen frå Oslo innom marknaden saman med familie frå Lærdal.
LANGVEGSFRÅ: Guri Fardal (t.v.) med dottera Frida på armen og Ronja Lund med sonen Iver har funne ny førjulstradisjon i Lærdal.
Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK– Me vart heilt overraska over kor mange folk det var då me kom. Det er skikkeleg stemning her, eg trur nok dette blir ny førjulstradisjon, smiler Lund.