Hopp til innhold

Oppturen gir babyboom i Årdal

Etter nokre magre år ser det ut til at årdølene har lagt seg i selen. I fjor auka talet på nyfødde med over 20 prosent.

Øvre Årdal med Børtnes til høgre i biletet

HER GÅR MANGE GRAVIDE: Den kommunale jordmora melder om fødselsboom i bygdene Årdalstangen og Øvre Årdal (biletet).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Så langt i år har 20 nye verdsborgarar sett dagens lys i Årdal, og i løpet av året er 40 til venta.

Frå fleire land

Forklaringa ligg i dei mange nye bedriftene som har blitt etablert i omstillingskommunen, skriv Sogn Avis.

Dei mange nye arbeidsplassane i bygda har ført til auka tilflytting, både av nordmenn men også frp lands som Polen, Slovakia og Tyskland. Det gir jordmor Rigmor Chruickhank travle dagar.

– Eg trur nok vi vil runde 60 dette året, og det er ein god del år sidan det var så mange, seier ho til Sogn Avis.

Prisar seg lykkeleg over Lærdal

Jordmora er heilt sikker på at mykje av årsaka skuldast omstillingsarbeidet i bygda dei siste åra. Nye verksemder som Norsun og Dooria har ført nye, unge innbyggjarar med seg.

No håpar jordmora at årdølene også i framtida kan reise til Lærdal for å fø.

– Takk og lov for at vi har Lærdal, seier Chruickhank til avisa.

Les også: