Hopp til innhold

Ny forsking: – Klar samanheng mellom einsemd og diabetes 2

Einsemd aukar blodsukkerverdiane, som kan gi diabetes 2, viser norsk studie. – Legane bør spørje diabetes-pasientar om sosiale relasjonar, ikkje berre om kosthald og fysisk aktivitet, meiner forskar.

Ensomhet

HØGARE RISIKO: Dei som har høg grad av einsemd, kan ha dobbelt så høg risiko for utvikle type 2-diabetes, viser ny forsking.

Foto: Scanstockphoto

Eit forskarteam ved Høgskulen på Vestlandet får denne veka publisert ein artikkel i det internasjonale fagtidsskriftet Diabetologia.

Det finst ein ganske sterk samanheng mellom einsemd og diabetes type 2, kjem det fram i rapporten.

Slik heng det saman: Kjensla av einsemd bidreg konkret til at blodsukkerverdiane blir høgare over lang tid, noko som i neste rekke kan føre til utvikling av sjukdommen.

– Det vi fann var at dei som svarte at dei hadde høg grad av einsemd, hadde også dobbelt så høg risiko for å utvikle type 2-diabetes i løpet av den 20-årsperioden vi følgde dei, seier førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen.

Roger Ekeberg Henriksen, Høgskulen på Vestlandet

Førsteamanuensis Roger Ekeberg Henriksen seier fleire studiar tyder på ein klar samanheng mellom einsemd og diabetes type 2.

Foto: Kamilla Hedvig Halvorsen Myklebust

Forskarane har sett på materiale innsamla gjennom Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, HUNT.

Forskinga baserer seg på analyse av blodsukkerverdiane over 20 år for 24.000 pasientar. Dei same pasientane vart i store delar av perioden stilt spørsmål om eiga oppleving av einsemd.

Medan forskarane jobba med artikkelen om diabetes, publiserte to andre forskargrupper i Storbritannia og Danmark funn som viste ein liknande samanheng.

Henriksen presiserer at einsemd berre er ein av fleire faktorar som kan utløyse sjukdommen.

– Framleis er det slik at kosthald og fysisk aktivitet er faktorane som har størst betydning for type 2 diabetes. Men med vårt funn kan vi seie at einsemd også er ein viktig bidragsytar.

En kvinne på vekt

Kosthald og manglande fysisk aktivitet er dei viktigaste årsakene til diabetes type 2.

Foto: Giorgio Rossi / Colourbox

Stort problem

Funnet er viktig fordi diabetes type 2 er i sterk vekst i den vestlege verda, meiner Henriksen.

I dag har rundt 300.000 nordmenn diabetes type 2.

Verdas helseorganisasjon (WHO) reknar diabetes som ein av topp ti sjukdommane flest folk døyr av.

Funnet bør få konsekvensar for korleis fastlegane førebygger alvorleg sjukdom. I konsultasjonssamtalar bør dei ikkje berre spørje pasientane sine om fysisk aktivitet og kosthald, men også om korleis det står til med dei sosiale relasjonane, seier Henriksen.

Illustrasjonsfoto. Lege måler blodtrykk på pasient.

Rundt 300.000 nordmenn har diabetes type 2.

Foto: Mari Aftret Mørtvedt / NRK

Han ser for seg at fastlegar endrar rutinane i møte med pasientane, basert på dei nye funna.

– Vi har høg kunnskap i befolkninga om kosthald og fysisk aktivitet. Så det bør vere eit like sterkt fokus på korleis det er med folks sosiale relasjonar.

Positiv til endring

Fastlege og spesialist i allmennmedisin, Harald Sundby, reagerer positivt når han får høyre om den nye forskinga.

– Eg ønsker denne type forsking velkommen, seier han umiddelbart.

Sundby leiar også ei faggruppe for klinisk kommunikasjon i Legeforeningen og seier han gjennom lang praksis som fastlege har tenkt tanken at einsemd kan føre til andre sjukdommar.

– Ei slik type forsking kan stadfeste det som oppsamla erfaring gjennom 30 år har gitt meg. Det er viktig at vi får meir dokumenterbare funn på dette, seier han.

Harald Sundby, fastlege

Fastlege og spesialist, Harald Sundby, seier den nye forskinga stemmer med erfaringa han sjølv har gjort seg.

Foto: Hanna Helgetun Krogh

Han har sjølv hatt pasientar som er mykje aleine i livet, der han ser korleis det forsterkar ulike typar lidingar, både fysisk og psykisk.

Sundby trur legar er positive til å endre praksis i konsultasjonen med pasientar, så lenge det er basert på dokumenterte funn. Utfordringa er tidsknipa, der det ofte er fleire ting som skal takast opp med pasienten.

– Vi er veldig glade i fagutvikling. Når dette kjem på bordet, vil vi helse det velkommen og sjå kva vi kan gjere med det.