Ny forsking: Bygda har dei tyngste soldatane

Når ungdommane møter på sesjon hos Forsvaret kjem dei tyngste frå dei mest grisgrendte stroka i landet. Det syner fersk forsking.

Sesjon

FERSK RAPPORT: Ein ny rapport frå samhandlingsbarometeret i Helse Førde viser aukande BMI-mål for ungdom som deltar på sesjon.

Foto: Inghild Eriksen/NRK

– I byane er det gjerne meir opptekne av å følgje trendar, og det er sikkert eit større press på å halde seg slank. Når dei går ute på gata er dei jo omgitt av reklame heile tida.

Det trur Kristine Strøm som går tredje året ved Firda vidaregåande skule på Sandane i Sogn og Fjordane.

Håkon Fjellestad og Kristine Strøm

KJAPPE MÅLTID: Håkon Fjellestad og Kristine Strøm vedgår at hybellivet av og til byr på raske måltid om tida ikkje strekk til eller ein sit åleine.

Foto: Benedikte Grov / NRK

NRK møter henne i kantina saman med ein annan tredjeklassing, Håkon Fjellestad. Begge er elevar ved skulen der TV-serien «Lovleg» vart spela inn.

Dei to er ikkje overraska over at ny forsking syner ein aukande BMI hos ungdom frå bygda som møter på sesjon hos forsvaret.

– Hybellivet kan vere usunt

– Her på bygda er det store avstandar. Det betyr at vi i større grad må køyre bil eller buss. I byane syklar og går dei kanskje meir, trur Fjellestad.

Begge er opptekne av å ete og leve sunt, men vedgår at det ikkje alltid er like enkelt.

– Det er mykje som skjer, så det er ikkje alltid ein rekk å ete frukost eller middag. Det vert ofte raske løysingar, fortel Fjellestad.

Ny rapport: – Store skilnader

– Det er ein tendens at bygdefolk er tyngre enn folk i byane, seier professor John Roger Andersen ved Senter for helseforsking i Førde.

Professoren er einig med Firda-elevane.

– I distrikta har vi ein livsstil der vi køyrer meir bil. Vi er avhengige av den til ulike gjeremål, medan dei i byane i større grad brukar beina eller sykkel, seier Andersen.

Ein ny rapport som dei har laga viser gjennomsnittleg BMI hos ungdom som møter på sesjon.

– Vi ser at det er store skilnader. Dei fylka som ligg lengst unna store byar, og som har færrast store tettstadar, har flest tilfelle av overvekt, seier Andersen til NRK.

John Roger Andersen

SER TENDENS: Professor John Roger Andersen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Overlege ved Folkehelseinstituttet, Haakon Eduard Meyer, kan fortelje om liknande funn.

– Anna forsking syner og at folket på landsbygda tenderer til å vere litt tyngre enn befolkninga i byane. Dette har vi sett over ei rekke år og i ulike aldersgrupper.

Prosent av overvektige på sesjon

Fylke

Ungdommar med overvekt/fedme på sesjon i prosent (2014-2017)

1

Finnmark

31.4

2

Nordland

27.9

3

Sogn og Fjordane

26.7

4

Troms

26.7

5

Hedmark

26.1

6

Møre og Romsdal

25.7

7

Aust-Agder

25.4

8

Oppland

25.3

9

Østfold

25.1

10

Telemark

24

11

Trøndelag

23.7

12

Hordaland

23.1

13

Vest-Agder

23.1

14

Buskerud

22.3

15

Vestfold

21.5

16

Rogaland

21.1

17

Akershus

17.8

18

Oslo

16.3

(Kjelde: FHI)

– Auka BMI kan vere ei hindring

Årets HUNT-rapport har ført til diskusjon om det er rett å kalle det overvekt når kroppsmasseindeksen (BMI) ligg mellom 25 og 30. Rapporten viser nemleg at heile 7 av 10 vaksne nordmenn er overvektige på BMI-skalaen.

Kan overvekt vere ei hindring for unge menneske som ynskjer å tenestegjere i forsvaret?

– I den grad overvekt er ein faktor som påverkar fysisk form, så kan det vere ei hindring. Tal frå USA viser at talet på unge som vert stempla som ikkje-tenestedyktig er aukande, og det er knyta til fedme, svarar Andersen.

– Rekrutterer dei best eigna

Kommunikasjonssjef ved Forsvarets personell- og vernepliktssenter, oberstløytnant Vegard Finberg, fortel at dei har eit nyansert syn på BMI.

Vegard Finberg

SER STØRRE BILETE: Oberstløytnant Vegard Finberg.

Foto: Forsvaret

– Frå Forsvarets side er det viktigaste at vi kan rekruttere dei som er best eigna. BMI vil berre vere ein av mange indikatorar som vil spele inn i utveljingsprosessen.

  • I ei tidlegare utgåve av denne saka stod det at gjennomsnitts-BMI var 31,4 i Finnmark og 16,3 i Oslo. Dei tala er ikkje BMI, men kor mange prosent som hadde over 25 i BMI på sesjon. Det er no retta opp i.