Hopp til innhold

Ny ferje er for lita: – Den burde vore 20 meter lengre og ein meter breiare

KVANNDAL–UTNE (NRK): MF Utne vart sett i trafikk i november. Men no i sumar har Norled sett inn ekstraferje på sambandet fordi den er for liten.

Kaptein Arild Stuen

FOR LITA: – Om ferja hadde vore 20 meter lengre og ein meter breiare, hadde den vore perfekt, meiner kaptein Arild Stuen på MF Utne.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Dei bomma nok litt der, seier kaptein Arild Stuen.

– Om ferja hadde vore 20 meter lengre og ein meter breiare, hadde den vore perfekt.

MF Fitjar

EKSTRAFERJE: MF Fitjar er sett inn som ekstraferje på Kvanndal-Utne i sommar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Framtidsferja

Likevel representerer truleg MF Utne ei ny generasjon ferjer. Mange nybygg dei neste åra kan likne på den. Dette er både godt og dårleg nytt.

– Den er lett å handtere, lett å laste og heilt stille. Det er mindre slitsamt å arbeide om bord på denne enn dei gamle, seier Stuen.

– Men det er jo trist at det ikkje er lagt til rette for ein kafeteria om bord, meiner kapteinen.

Dette meiner NRK om Kvanndal-Utne

Overfart og kaiar: 7 (av 10)

Sambandet går over munningane til fleire fjordarmar. Sjølv om skodda ligg lågt i dag må vi legge godviljen til. Dette er det både turistar og hordalendingar vil ha. Utne er dessutan ei perle av ein ferjekai.

Utne ferjekai

Utne ferjekai

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 6

MF Utne vart sett i drift i november. Den er koseleg og stillegåande og alt er sjølvsagt på stell. Men allereie er den for liten. I sommarsesongen kjem ikkje alle seg med på den og reserveferja MF Fitjar er ikkje like fin. Der er det mellom anna ikkje ein øvre salong. Utne åleine hadde fortent karakter 8, men her må vi nok trekke ned.

MF Utne

MF Utne

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 5

På nybygget Utne er det ikkje ein gong tillaga for kafeteria. Det er trist. Det er rett nok sett fram ei kanne med heilt grei kaffi. Det kan virke litt tungvint å ta betaling på kaien under ombordkøyring når køane er lange. Toalettfasilitetane er gode. På Utne er det både butikk og kafe på kaien.

Kvanndal ferjekai

Kvanndal ferjekai

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Nostalgi og oppleving: 3

På eit langt og ærerikt samband kunne ein ha gjort meir for å løfte fram historia. Men både på Kvanndal og Utne får ein kjensle av at her har mange tatt ferja før deg.

Totalt: 21 (av 40 moglege)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks

Kvanndal-Utne