Hopp til innhold

Ny D-dag for Engebø til sommaren

Løyva til gruvedrift i Engebø i Naustdal er klare, men om prosjektet blir starta opp er framleis i det blå.

Steinbrotet i Engebøfjellet

JA ELLER NEI: Neste milepæl for Engebøprosjetet er ein moglegheitsstudie som skal vere klar til sommaren. – Det er ein nøyare gjennomgang av alle aspekt ved prosjektet, for å gjere oss trygge på at prosjektet blir robust og bra, seier administrerande direktør i selskapet, Ivar Fossum.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Det er alltid ein risiko i slike prosjekt. Ting er ikkje gjort før det er gjort, og det skal ein vere audmjuke for, men vi er inne i ei veldig positiv utvikling av Engebøprosjektet.

Ivar Fossum i Nordic Mining

INTERESSE: – Vi har god dialog med mange moglege investorar, og så kundar, seier administrerande direktør i Nordic Mining Ivar Fossum. Kven vil han ikkje røpe.

Foto: Bård Siem / NRK

I april 2015 fekk selskapet endeleg løyve til å starte den omstridde gruvedrifta i Naustdal. Målet er å hente ut mineralet rutil, som blir brukt som kvitningsstoff i tannkrem, mat og måling. Størst usemje har det vore knytt til planane om å dumpe lausmassar i Førdefjorden. Og protestar, utsetting av avgjerder og venting på svar har vore det som har prega omtalane av prosjektet til no. For selskapet sjølve er det risikovurderingar og finansiering som står i høgsetet.

– Vi held på med teknisk utvikling av prosjektet på fleire frontar. Moglegheitsstudien skal vere klar til sommaren, det er neste milepæl, seier Fossum.

Treng 2,5 milliardar

Prosjektet treng kring 2.5 milliardar kroner for å starte opp. Om det er konkrete investorar i kikkerten vil ikkje Fossum røpe enno, men understrekar at prosjektet i dag er i ein god økonomisk situasjon, og at all jobben som blir gjort no er med på å redusere risikoen i prosjektet, noko som kan lokke pengesterke folk inn.

Norsk Bergverksindustri har støtta prosjektet i Naustdal, og generalsekretær Elisabeth Gammelsæter rosar måten selskapet har gått fram på. Likevel trur ho det kan bli utfordrande å få nok pengar til prosjektet.

Elisabeth Gammelsæter

POSITIV: Generalsekretær i Norsk Bergindustri, Elisabeth Gammelsæter, gler seg over prosjektet i Naustdal.

Foto: Geir Anders Rybakken Ørslien

– Det er vanskelegare enn i Sverige og Finland å få investorar til å satse. Noko av årsaka kan vere at industrien har hamne i oljeskuggen, og det er uvisse knytt til prosessar og handsamling av saker, seier Gammelsæther.

Kan vere klart om tre år

Samstundes er ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang sterk i trua på at alt ordnar seg og at anleggsarbeidet i Engebø ikkje er langt unna.

– VI er veldig sikre på at dette prosjektet kjem i gang. Den utviklinga som har vore sidan konseknvesutgreiina syner at prosjektet nesten er endå betre enn då. Vi forventar at anleggsfasen startar i 2018, seier arbeidarpartiordføraren.

I selskapet jobbar dei dagleg vidare mot målet. Løyva og rammevilkåra er på på plass, og den geologiske vurderingar har synt at det er god førekomst av granitt. No prøvar dei å finne ut korleis dei skal få produktet ut med låge kostnadar. SÅ skal det finansierast og byggast.

– VI har hatt mange ulike datoar for oppstart, som har blitt utsette av ulike grunnar. OM alle faktorar spelar med, så er det snakk om oppstart seint i 2020 eller tidleg 2021.