Hopp til innhold

Ny bransjestandard skal gi betre skredfarekartlegging

NVE vedgår at det er for store sprik i skredfarevurderingar. Dei meiner for mange kartleggingar ber preg av for låg kompetanse eller for dårleg tid.

Familien Kvestad ser på faresonekartet. 
Marianne Kvestad
Hilde Kvestad
Haakon Kvestad

Familien Kvestad i Ullensvang reagerer på at ulike utgreiingar har kome med ulike vurderingar av skredfaren.

Foto: Tale Hauso / NRK

I førre veke fortalde NRK historia om familien Kvestad i Ullensvang, som har fått byggenekt på garden fordi delar av tunet ligg i den farlegaste faresona for skred.

Haakon Kvestad meiner det er for store sprik i skredvurderingane som konsulentfirma gjer. Desse er basert på standardene til NVE.

– Eg blir usikker på kva eg skal tru på. Det er på tide å få rettleiaren. Det er for stort spelerom i dag, seier han.

Og familien er ikkje åleine. No vedgår NVE at sprika er for store i skredvurderingane.

– Vi ser stadig fleire tilfelle av at det blir gjort fleire kartleggingar same stad, og at spriket både i konklusjon og dokumentasjon er for stort, fortel Odd Are Jensen, prosjektleiar for nasjonal skredfarekartlegging i NVE.

Når det skal byggjast ut innanfor område der det er sannsyn for skred, såkalla aktsemdområde, blir ofte konsulentfirma hyra inn til å gjera rasutgreiingane.

No har NVE saman med bransjen utvikla ein ny og meir detaljert standard for korleis desse kartleggingane skal gjennomførast. Truleg er den klar i løpet av hausten.

– Skredfarevurderinga er avgjerande for kor vi plasserer store verdiar og for tryggleiken for liv og helse. Då er det viktig at vurderingane følgjer den beste metodikken vi har i 2020, seier Jensen.

Odd Are Jensen, NVE

Odd Are Jensen, prosjektleiar for nasjonal skredfarekartlegging i NVE seier dei stadig ser døme på sprik i skredfarevurderingane.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Feil gir forseinkingar

NVE har erfart at det kan bli gjort for dårleg arbeid fordi det er brukt for lite tid på vurderingane, eller at dei som utfører kartlegginga har for låg kompetanse.

– Vi ser mange døme på at det gjerne først blir bestilt ei veldig billig skredfarevurdering av utbyggar, som då endar opp med å bestilla ei ny vurdering fordi den første ikkje blir godkjent, fortel Jensen.

Resultatet kan bli store kostnader og forseinkingar for utbyggar.

– Det håpar vi bransjestandarden skal rydda opp i, seier Jensen.

Kvestad gard

FARESONE: Halve garden på Kvestad ligg i den farlegaste sona for skred. Deira draum om å utvikla garden blir knust av streken.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Fagleg erfaring er avgjerande

I arbeidet med å laga bransjestandarden har mellom anna ulike konsulentselskap gått saman for å diskutera utfordringar dei møter når dei skal kartlegga skredfare.

– Det var forskjellige syn. Då er det bra med ein felles metode som gjer at kartlegginga blir meir lik, seier geolog Asbjørn Øystese ved Multiconsult.

Øystese seier at det har vore sprik i vurderingane.

– Fagleg skjønn og erfaringar styrer gjerne kor ein til slutt set farelinjene. Det er stor konkurranse, og det er ofte dei billigaste som vinn.

Øystese meiner visse kriterium, som til dømes bruk av sidemannkontroll og simuleringsverktøy, no hevar kvaliteten. Samtidig blir arbeidet meir omfattande, som igjen kan gjera det dyrare for kundane.