Hopp til innhold

Kåre Ingebrigtsen vil vinna troféar i Brann

Etter fleire dagar med forhandlingar, blei Kåre Ingebrigtsen i kveld presentert som ny trenar for Brann.

PK ny trener i Brann

NY BRANN-TRENAR: Tidlegare Rosenborg-trenar Kåre Ingebrigtsen tek over jobben som ny hovudtrenar for Brann.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Like over klokka 17 laurdag landa Kåre Ingebrigtsen på Flesland i Bergen. Han kom då frå Trondheim med fly via Oslo.

På pressekonferansen stadfesta sportssjef Rune Soltvedt at Ingebrigtsen tek over lederansvaret.

– Det er med stor glede vi kan kunngjere at Kåre Ingebrigtsen er ny trenar i Brann. Vi har signert ein avtale ut 2022, seier Soltvedt.

Den nye trenaren takka styret i Brann for tilliten og seier han er komen til Bergen for å vinne troféar.

– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne la gå frå meg. Eg hadde tenkt å vere ein periode til i utlandet, men då Brann kom opp var det ingen tvil, seier Ingebrigtsen.

Han startar formelt i jobben torsdag i neste veke.

Kåre Ingebrigtsen, ny Brann-trener, Flesland

INN I BILEN: Kåre Ingebrigtsen kom til Bergen like over klokka 17 med fly frå Oslo.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Har evne til å vinna

Soltvedt seier dei faglege kvalifikasjonane har vore viktige i valet av Ingebrigtsen som ny trenar.

– Han har ein evne til å vinna og har gode personlege eigenskapar, seier Soltvedt.

Då Ingebrigtsen fekk sparken frå Rosenborg i 2018, var ein av grunngjevingane frå styret at spelet ikkje var offensivt nok. Dette har òg vore blant innvendingane mot Brann-spelarane.

Soltvedt meiner likevel Ingebrigtsen er rett mann å hente til Bergen no.

– Eg følgde med han i Rosenborg, og me veit at han har dei eigenskapane som me trur skal ta Brann vidare, seier Soltvedt.

Etter tre tap og to uavgjort på dei siste fem kampane var Lars Arne Nilsen måndag ferdig som Brann-trenar. Då låg Brann på 8.-plass med 15 poeng.

Rune Soltvedt

HAR TRU PÅ VALET: Sportssjef Rune Soltvedt meiner den nye Brann-trenaren har det som skal til for å løfte laget vidare.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Fekk signert trøye

Mathias Toftevoll Losnegård og broren Jakob var dei første som fekk signert Brann-trøye av den nye trenaren.

Gutane spelar fotball for Sandviken og fortel at dei kom til stadion fordi dei var nysgjerrige på kven som kom til å ta over som trenar.

– Vi har trua på at Brann kjem til å vinne kampar no, seier dei.

Også kaptein Daniel Pedersen seier at spelarane no ser framover.

– Eg er spent og han virkar som ein riktig fin mann. Eg gledar meg til vi kjem i gang med treningane, seier Pedersen.

Mathias Toftevold Losnegård og Jakob Toftevold Losnegård med Brann-kaptein

UNGE FANS: Brørne Mathias og Jakob Losnegård fekk lov å sleppe inn på stadion. Her saman med kaptein Daniel Pedersen.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Kan lære seg bergensk

– Sånn umiddelbart, med vårt forhold til Rosenborg, så er ikkje dette det mest sexy vi kan tenke oss.

Det seier leiar for Bataljonen, Roger Lillebøe Hansen, før han legg til:

– Men han kan jo legge om til bergensk.

Han meiner Brann no treng ein trenar med vinnarkultur, og seier Ingebrigtsen er ein mann som har det i seg.

– Det vi har hatt, er ein trenar som ikkje har klart å knekke koden mot den parkerte bussen.

Lillebøe Hansen meiner det berre Erling Moe og Kåre Ingebrigtsen som har vist den evna.

– No er det berre spekulasjonar, men blir det han må vi tenke at det er greitt.

Kåre Ingebrigtsen, ny Brann-trener

KLARTE IKKJE SEIE NEI: Kåre Ingebrigtsen seier han hadde tenkt å bli i utlandet ei stund til, men tilbodet frå Brann klarte han ikkje å takke nei til.

Foto: Julianne Flølo / NRK

Positiv energi

Kjernen-leiar Espen Viken seier han hugsar at Ingebrigtsen klarte å få den positive energien tilbake då han starta i Rosenborg i 2014.

– Han hadde ein grunninnstilling på å gå ut og jage 1-0, deretter 2-0 og slik fortsette det, seier Viken.

Viken ønskjer ikkje Ingebrigtsen tilbake i leiarstolen for Rosenborg, men seier det er krevjande å sjå han dra til erkerivalen i Bergen.

– Det irriterer meg faktisk litt at me har ein rosenborgar som drar til Brann. Men slik er verda og fotballen blitt.

Molde på måndag

Allereie dagen etter at Nilsen fekk sparken som Brann-trenar, uttalte sportssjefen seg om at ein erstattar kunne vere klar før oppgjeret mot Molde.

Truleg vil Robert Hauge leie laget på måndag, uansett om ny trenar blir klar i dag, sidan Hauge har førebudd laget mot dei blåkvite.

Førre trenarjobb for «Bruttern» varte berre i 46 dagar. Han har også vore trenar i belgiske Ostende etter at han fekk sparken som Rosenborg-trenar i 2018.