Hopp til innhold

Ny bergensk megabuss blir Noregs lengste

Frå november skal dei rekordlange biogasshybridbussane snike seg gjennom bergenske gater. – Dette vil gje eit betre tilbod til dei reisande, seier varaordførar i Hordaland fylkeskommune, Mona Hellesnes.

Noregs lengste buss1

REKORDLANG BUSS: Dei to biogasshybridbussane skal gå i trafikk på linje 9 /Festplassen-Kronstad).

Foto: Hordaland fylkeskommune

Fredag 17. oktober kjem den første av dei to 24 meter lange biogasshybridbussane til Bergen. Megabussane skal setjast i trafikk på linje 9 mellom Festplassen ogKronstad i løpet av november 2014.

Noregs lengste buss

24 METER: Bussane er dobbelt så lange som vanlege bussar. Til samanlikning er ei bybanevogn på 32 meter.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Bussane er meir miljøvennlege i drift og sidan dei tek dobbelt så mange passasjerar som vanlege bussar, vil det gje eit betre tilbod til dei reisande, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Bussane har både elmotor og hybridmotor, der batteria blir lada av ein biogassmotor saman med bremseenergi. Med sine 24 meter er dei dobbelt så lange som ein vanleg buss. Til samanlikning er leddbussar 18 meter og bybanevogner er på 32 meter.

Bussane er saman med 15 tilsvarande bussar som kom til Malmö i mai, dei einaste i sitt slag i verda.

Totalkostnad på 20 millionar kroner

Mona Hellesnes

– MILJØVENNLEG: Fylkesvaraordførar er spent på korleis dei nye biogasshybridbussane kjem til å fungere i Bergen under vestlandska forhold.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Med sine 24 meter kan det bli utfordrande å få bussane til å skli inn i det bergenske bybiletet.

– Det er litt andre forhold her enn på flatmark i fleire europeiske byer. Me trenger å få erfaring med korleis fungerer under norske forhold og Vestlandsk klima, før me vurderer om me skal setje inn fleire, seier Hellesnes.

Biogasshybrid-bussane er delfinansiert av Transnova og EU. Totalramma er på knappe 20 millionar kroner, der fylkeskommunen sjølv bidrar med 10 millionar kroner.

Grunna lengda trengst det dispensasjon frå Vegdirektoratet til å køyre bussane i ordinær trafikk. Skyss har fått dispensasjon for traseane til linje 9 frå Festplassen til Kronstad og linje 2 frå Birkelundstoppen til sentrum.