Hopp til innhold

NVE: Svært stor snøskredfare

Det er venta store nedbørsmengder i løpet av laurdag, og det stor fare for snøras.

Snøras på fylkesveg 241 Gudvangen-Bakka 23. april 2013

SNØRAS: NVE varslar om svært stor snøskredfare. ARKIVFOTO.

– Det har kome og vil kome store mengder snø. Vi har sett faregrense 4, som er det nest høgste, men 5 er for heilt ekstreme situasjonar, seier Emma Barfod, vaktleiar ved snøskredvarslinga i Norges vassdrags- og energidirektorat.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om store nedbørsmengder, lokalt kan det kome 60–90 millimeter. Det kjem i samband med ekstremvêret «Nina», som vil gje full storm til sterk storm i ytre Sunnfjord og Sogn.

Sterk vind og snø vil gje vanskelege køyreforhold, spesielt på fjellet, og allereie er svært mange vegar stengde på grunn av uver eller fare for ras. Eit snøras har allereie gått, og gjer at fylkesveg 242 Aurlandsvangen-Skjerdal er stengd. Vegen blir ikkje opna i dag.

Barfod ved snøskredvarslinga til NVE ber folk om å vise aktsemd.

– Hald deg vekke frå skredterreng og ver forsiktig. Vinden vil flytte snø, og kan gjere at det byggjer seg opp store flak. Det kan kome store, naturlege skred.

Frå laurdag ettermiddag er det risiko for høg vasstand, estimert til 60–70 cm over høgda i tidevassstabellane.