Dei gjeldande snøforholda i fjella er skumlare no enn dei plar vere. Eit fastare og meir berande snødekke gjer at dei svake snølaga ikkje nødvendigvis gir frå seg vande faresignal.
UROA: Vaktleiar Tommy Skårholmen seier snøskredfaren i påska gjer han uroa. – Vi ventar stor utfart i fjellet når påskevêret ser ut til å bli veldig bra, seier han.
Foto: Anne Lognvik / NRK– Ein plar få drønn og skytande sprekkar i snøen, men no vil ikkje skiløparar påverke dei svake laga i same grad. Då kan ein fort bli lurt. Dei svake laga er der og dei har same evna til å utløyse skred, seier Tommy Skårholmen i snøskredvarslinga.
Uroa for skredulukker
Snøskredvarslinga varsom.no melder om betydeleg snøskredfare over store delar av landet. For Nord-Troms og det meste av Finnmark er faregraden på nest høgaste nivå. Her blir skiløparar oppmoda til å unngå all skredterreng, altså terreng brattare enn 30 grader.
Både Røde Kors og snøskredvarslinga fryktar følgjene av ei venta flott påske.
SKREDFARE: Snøskredvarslinga varsom.no har måndag utvida snøskredfaren i dei to nordlegaste fylka i Norge.
Foto: Skjermdump frå varsom.no- Les også: Norske Redningshundar aukar beredskapen
– Vi ventar stor utfart i fjellet når påskevêret ser ut til å bli veldig bra. Situasjonen blir krevjande ettersom du ikkje nødvendigvis får faresignala snøen gir frå seg når snødekket har vore mjukt, seier Skårholmen.
– Må ha kunnskap og erfaring
SNØSKRED: Hjelpemannskap søkte søndag gjennom eit stort snøskred som stengjer E39 og riksveg 15 i Sogn og Fjordane.
Foto: Skredgruppa i Ørsta og Volda Røde Kors HjelpekorpsMed faresignala fråverande, er det vanskeleg som skiløpar å vite når dei svake snølaga blir påverka.
– For å ferdast sikkert no, så må ein ha kunnskap og erfaring, ein må grave i snøen og identifisere korleis dei svake laga responderer på tilleggsbelastninga, seier Skårholmen og seier det no er viktigare enn elles å ta forholdsreglar.
– Det aller tryggaste er å unngå terreng brattare enn 30 grader. Sidan ein også kan fjernutløyse skred over seg, så bør ein halde avstand til snøskredterreng.
Treng mildvêr
Skårholmen seier at situasjonen gjer det krevjande å vurdere snøskredfaren. Han vil heller ikkje forskottere korleis snøskredfaren blir gjennom påska.
– Men den ser ut til å halde fram. Desse svake laga vil ikkje forsvinne før vi får skikkeleg mildvêr eller store nedbørsmengder som pressar laga saman, seier han.
HEFTIG SKRED: Snøskredet på E39 i Nordfjord søndag morgon losna høgt oppe i fjellsida.
Foto: Alfred Bjørlo