– Eg vil vera sikker på at kommunane er budde på dei nedbørsmengdene som kjem, og at dei har undersøkt særleg sårbare punkt, seier Brigt Samdal, leiar i Noregs vassdrags- og energidirektorat på Vestlandet.
Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om svært store nedbørsmengder på Vestlandet tysdag kveld og natt til onsdag.
- Les meir:
I indre delar av Hordaland kan det koma så mykje som 100 millimeter nedbør i løpet av tolv timar frå midnatt av.
Difor valde Samdal sjølv å ringa ordførarane i Odda, Ullensvang, Kvam, Kvinnherad, Granvin, Etne, Fusa og Eidfjord for å forsikra seg om at dei hadde kontroll på situasjonen.
– Me må vera sikre på at dei har beredskapsplanar for natta, og det har dei forsikra meg om at dei har, seier Samdal.
VARSLA KOMMUNANE SJØLV: Regionsjef i NVE på Vestlandet Brigt Samdal varsla sjølv ordførarar og beredskapssjefar i åtte kommunar om kva dei kan venta seg av nedbør i natt.
Foto: Ivar Lid Riise / NRKFryktar skred
Dei store nedbørsmengdene som er venta, kjem oppå veker med nedbør på Vestlandet.
Jorda er metta med vatn. Plussar ein på snøsmeltinga og topografien, aukar faren for skred og flaum.
– Av erfaring veit me at det ofte kjem ned både stein og jord i slikt vêr, i tillegg til at vassdraga fløymer over, seier Samdal.
Og Sørfjorden i Hardanger, med bratte fjellsider, mykje lausmassar i liene og det spesielle jordsmonnet, er særleg utsett når det kjem slike nedbørsmengder, legg han til.
HER KJEM DET MEST NEDBØR: NVE ventar at desse områda får mest regn frå midnatt og framover.
– Me bur under bergfall og veit det
Alle innbyggjarane i Ullensvang fekk tysdag ettermiddag ei tekstmelding frå kommunen, med varsel om kva dei har i vente:
VARSLA PÅ TEKSTMELDING: Innbyggjarane i Ullensvang herad fekk tekstmelding frå heradet i 14-tida i dag.
Foto: NRKUnder oktoberflaumen i 2014 vart det store øydeleggingar då elvar og bekker fløymde over. No ber lokale styremakter folk om å ta dei forholdsreglar dei kan.
– Me ber dei syta for at alle vassvegar er frie for hindringar. Det betyr bekker, røyr, takrenner, sluk og rister med meir. Dei må sjekka alt som kan gå tett før regnet kjem, seier ordførar Solfrid Borge.
BER FOLK SJEKKA GRØFTER OG SLUK: Solfrid Borge ber folk sikra frie vassvegar før dei går til køys.
Foto: Tale Hauso / NRKTidleg haustflaum
Brigt Samdal i NVE kallar nedbøren i natt ein tidleg haustflaum.
– Vinden førre veke bles ned lauv og kvistar og rusk. No fryktar me at det kan klumpa seg, og at vatnet kan ta nye vegar. Det er den største faren, seier han.