Hopp til innhold

Omstridd vindpark rakk ikkje frist – no mistar dei løyvet

NVE avslår søknaden om utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk. Vindkraft-selskapet varslar at dei ankar til departementet.

Utsikt frå Steinfjellet. I dette området er det planlagt 18 vndturbinar i Bremangerlandet vindkraftverk.

BREMANGERLANDET: – Eg er hoppande glad, seier Jørund Nygård, som er talsmann for motstandargruppa mot vindparken.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Bremangerlandet vindkraftverk har dei siste åra vore blant dei mest omstridde kraftprosjekta i Noreg.

Prosjektet fekk opphavleg nei frå NVE, men fekk ja av olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp), som overstyrte sitt eige direktorat i 2017.

Sidan har også kommunen snudd. Men andre vegen. Frå ja til tja og nja.

Dei siste fem åra har difor striden om dei 18 vindturbinane gått som ein bordtennisball mellom Fylkesmannen (etter kvart Statsforvaltar), formannskap, kommunestyre og advokatane til Sogn og Fjordane Energi (SFE), som er morselskapet til Bremangerlandet Vindpark AS.

No har saka fått endå ein omdreiing, om ikkje eit punktum.

Vi kjem til å anke denne avgjerda inn for Olje- og energidepartementet, seier Stig Svalheim, som er vindkraftdirektør i SFE.

Bakgrunnen er NVEs nei til utsett frist for Bremangerlandet vindkraftverk.

Kart som viser Bremangerlandet vindkraftverk

Bremangerlandet vindkraftverk har dei siste åra vore blant dei mest omstridde kraftprosjekta i Noreg.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Utbyggar er framleis håpefull

I konsesjonen heiter det at utbyggar hadde frist fram til 1. september 2022 med å setje i gang drifta.

På grunn av alle forseinkingane bad Bremangerlandet vindkraftverk i mars om utsett frist.

Men svaret frå NVE er altså nei.

Svalheim har likevel ikkje gitt opp.

Eg er ikkje trygg, men eg håper at departementet vil sjå saka på same måte som oss, seier han.

Han viser til den anstrengde energisituasjonen og signal frå regjeringa om at utbygginga av vindkraft på land skal starte opp att.

Støre vil ha fleire vindmøller til lands

Etter eit omstridd utbyggingskart, massive protestar og vardebrenning mot vindkraft, var det politisk konsensus om å «setje ein fot i bakken» i 2019.

Men i vår varsla statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at han vil ha fleire vindmøller til lands, og at dette vil vere politisk mogeleg gitt «grundigare prosessar» og større lokal medverknad.

– Eg vel å tru at eit langstrekt land som Noreg har nok natur til at vi kan gjere dette på ein skånsam måte, sa han til NRK.

Hovudlinjene i det nye konsesjonsregimet seier at det skal vere meir lokal innverknad, og at kommunane skal behandle søknader gjennom Plan- og bygningslova (ikkje Energiloven, som tidlegare).

 Statsminister Støre og olje- og energiminister Aasland.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og energiminister Terje Aasland vil ha fleire vindmøller til lands.

Foto: Javad Parsa / NTB

Eg er hoppande glad

I Bremanger har likevel motstandarane av vindparken alt innkassert sigeren.

Eg er hoppande glad, seier Jørund Nygård, som er talsmann for motstandargruppa mot vindparken.

Han legg til:

Dette var eit av dei verste anlegga planlagde i Noreg, midt i myr, fugletrekk og populære turstiar.

Den Norske Turistforening (DNT) har hevda at vilkåra for utsett frist ikkje var til stades og har i fleire rundar bede om at søknaden om utsetjing vart avvist.

Det er ein gledas dag for naturen, friluftslivet og det fantastiske landskapet på Bremangerlandet, seier leiar i Bergen og Hordaland Turlag, Helene Ødven.

Stig Svalheim

– Vi kjem til å anke denne avgjerda inn for Olje- og energidepartementet, seier Stig Svalheim, som er vindkraftdirektør i SFE.

Foto: Håvard Nyhus

Vi er heilt avhengige av å byggje ut meir vindkraft

Elias Eide sit i programkomiteen i Vestland Høgre, som denne veka lanserer fleire forslag for å sikra meir fornybar energi.

Eit fleirtal i komiteen gjekk inn for meir vindkraft på land «der det har lokal forankring», medan eit mindretal ville ta vekk den kommunale vetoretten fordi «energipolitikk er eit nasjonalt ansvar».

Vi er heilt avhengige av å byggje ut meir fornybar energi, også vindkraft, seier Eide til NRK.

Han legg til:

Regelverket i dag er openbert altfor tungvint og kronglete. Men så lenge vi har det må vi og ta omsyn til det, også SFE. Eg registrerer at dei vil klage saka inn til OED, og ventar og ser konklusjonen derifrå.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) innførte i fjor ei avgift på landbasert vindkraft på 1 øre per kWh. Avgifta er rekna til å gi 165 millionar kroner i året, og vil tre i kraft på eit tidspunkt som departementet vil fastsette seinare – etter EØS-rettslege avklaringar.

Ifølgje ny forsking frå Cicero senter for klimaforsking har delen som er for vindkraft på land auka med seks prosentpoeng på eitt år. No er 39 prosent positive, medan 34 prosent er negative. Det skriv Teknisk Ukeblad.