Hopp til innhold

Ekteparet visste ikkje at dei bur i eit område med kvikkleire

HALSNØY (NRK): Beret og Guttorm har alltid hatt ein plan for kva dei skal gjere om det byrjar å brenne. No treng dei ein plan for kva dei skal gjere om det går eit skred.

Bente og Guttorm meiner det er viktig at noko skjer sånn at familien kan føle seg trygge.

UROLEGE: Familien Tellefsen Hveem har hamna i faresone for kvikkleire og er urolege.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Her har du den berømte «bananveggen» vår som blir berre skeivare. Vi lurer på om det kan skuldast bevegelse. Denne veggen følger vi nøye med på, seier Beret Tellefsen Hveem.

Ho bur saman med mann og fire born i eit ærverdig og gamalt hus, på Halsnøy i Kvinnherad kommune i Vestland.

Her har dei kjent seg trygge, heilt til det for to år sidan vart oppdaga kvikkleire like ved bustaden deira.

– Eg er redd for at det skal skje noko når vi søv eller når ungane er åleine heime. Du får ingen forvarsel. Du veit ikkje når eit skred kan kome.

Status for kartlegginga

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for skredførebygging i Norge. Dei leiar kartlegginga som har gått føre seg i 40 år.

NRK har spurd NVE om status for det nasjonale kartleggingsarbeidet.

Etter NRKs førespurnader har NVE no analysert den totale kartlegginga sidan 1980. Desse tala har tidlegare ikkje vore kjent.

  • Så langt er 15.000 kvadratkilometer kartlagt. Det er same arealet som Møre og Romsdal fylke.

Kartet nedanfor viser alle kommunane kor det er gjennomført ei kartlegging.

Desse kommunane er kartlagt. Grad av blåfargen indikerer kor mange kvadratkilometer som er kartlagt i kommunen. Ved å markere ein kommune får du se kor mykje areal som er kartlagt.

  • Planen vidare er å kartlegge 3680 kvadratkilometer. Dette er like mykje som åtte gonger Oslo kommune.

– Dette er eit omfattande arbeid, som det er behov for å forsere vidare, seier Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE.

Heile Noreg skal ikkje bli kartlagt, berre utvalde område under marin grense. Marin grense er havets høgaste nivå etter siste istid. Dette varierer avhengig av kor du er i Noreg, frå 0 til 220 meter over havet.

Kartet nedanfor viser alle kommunane som etter planen skal bli kartlagt i framtida.

Desse kommunane skal bli kartlagt framover. Grad av raudfargen indikerer kor mange kvadratkilometer som skal bli kartlagt i kommunen. Ved å markere ein kommune får du sjå kor mykje resterande areal som skal bli kartlagt.

Områda som er kartlagt, og kor det er oppdaga kvikkleire, har NVE delt inn i 2300 soner.

Rundt 1000 av desse må bli vurdert meir detaljert for å vurdere eventuelle sikringstiltak.

Brigt Samdal er direktør for skred- og vassdragsavdelinga i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).

NVE: Brigt Samdal, direktør for skred- og vassdragsavdelinga.

Foto: Anders Fehn / NRK

Har levd i uvisse

På den vesle tettstaden Halsnøy, vart kvikkleire tilfeldig oppdaga under planane om ein undersjøisk tunnel.

Då vegen skulle utbetrast vidare, vart det i 2018 oppdaga kvikkleire i eit bustadområde.

Fem husstandar fekk beskjed om at dei budde på kvikkleire, og husa måtte rivast om vegen skulle bli utbetra. 15 bustadhus, mellom anna familien Hveems bustad, hamna i faresone for kvikkleire.

Beret Tellefsen Hveem og Guttorm Hveem.

UROA: – Eg er redd at det skal skje noko når vi søv eller når ungane er åleine heime, seier Beret Tellefsen Hveem saman med mannen Guttorm Hveem.

Foto: Tale Hauso / NRK

Dette har skapt hovudbry for kommunen og uro for innbyggjarane.

Etter den alvorlege hendinga med kvikkleireskredet på Gjerdrum, har ekteparet tenkt mykje på dei som har blitt råka og håpar andre ikkje må oppleve liknande.

Beret merkar at ho har sove dårlegare om natta.

– Vi har rutinar på rømmingsvegar knytt til brann, men no har vi vore inne på kva vi skal gjere om det går leirskred her. Vi vil ikkje skremme ungane, men samtidig så er det ein reell situasjon.

Kommunen har innført byggeforbod. Bebuarane har levd i uvisse og kan ikkje gjere noko på eigedommen sin.

FARE FOR KVIKKLEIRE: Dei to raude sonene i bustadfeltet på Tofte på Halsnøy markerer «faresone kvikkleire». Feltet rundt viser området det er oppretta byggeforbod.

Det er ikkje gjort grunnboringar som slår fast at familien bur på kvikkleire. Men heile eigedommen er hamna i faresone for kvikkleire.

– Nokon med fagkunnskap må kome og sjå. For det må gjerast noko. Det viktigaste er at vi ikkje hamne i eit kvikkleireskred, seier Guttorm.

Guttorm Hveem viser ravinen ved huset.

RAVINE: Guttorm Hveem viser den eine bekkedalen som går rett ved sidan av huset til familien.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kan ta 65 år å bli ferdig

Dei siste ti år har NVE greia ut 155 av dei 2300 kvikkleiresonene i Noreg. Med dette tempoet vil det ta 65 år å bli ferdig med dei 1000 attverande sonene som skal bli greia ut.

NVE håper at ein ny metode vil gje fortgang i arbeidet, men har sjølv ikkje eit anslag for når dei vil vere i mål.

– Vi gjennomfører no eit pilotprosjekt med ein forenkla metodikk. Dette vil kunne forsere arbeidet raskare. Dessutan vil attståande oversiktskartlegging avdekke nye område som må bli greia ut i detalj. Difor har vi ikkje eit årstal for når vi vil kome i mål, seier Samdal.

NVE peikar på ulike årsaker til at kartlegginga har tatt lang tid:

  • Lite midlar og tilsette i NVE
  • Dei som oppdagar kvikkleire har ikkje meldeplikt til NVE

– Det finst mange utgreiingar som er gjennomførte, men ikkje er melde inn, seier Stein-Are Strand, sjefingeniør i geoteknikk hos NVE.

  • Mangel på geoteknikar og kompetanse

NVE kjøper inn tenester frå konsulentselskap for å kartlegge kvikkleire.

– Men det er stor variasjon i konsulentane sin kompetanse om kvikkleire, og det er mangel på geoteknikarar, seier Strand.

  • Kartlegging av lausmassar tar tid

NVE er avhengig av at ein annan offentleg aktør, Norges geologiske undersøking (NGU) gjennomførar ei kartlegging av lausmassar før NVE kan kartlegge kvikkleire. Tempoet på det arbeidet, avgjer med andre ord NVE sitt tempo.

– Det er først og fremst tilgjengeleg mannskap med relevant fagbakgrunn som styrer tempoet med denne typen geologisk kartlegging, seier Anders Romundset, lagleiar for kvartærgeologi ved NGU.

Venter på utvalet

Tony Tiller (H), statssekretær i Olje- og energidepartementet, er open for ein diskusjon om tempoet på kartlegginga i Noreg.

Tony Tiller (H) er statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Tony Tiller (H) er statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Foto: Anders Fehn / NRK

På spørsmål om dagens regjering vil prioritere det høgare, peiker han på ekspertutvalet etter Gjerdrum-ulykka.

– Utvalet skal også vurdere arbeidet med førebygging av kvikkleireskred som heilskap, og kome tilbake med anbefalingar. Eg kan ikkje forskottere framtidige budsjett, men det kan vere aktuelt å forsterke arbeidet med kvikkleire, seier Tiller.

Ny problemstilling for kommunen

For ordførar Hans Inge Myrvold (Sp) i Kvinnherad kommune tar kvikkleirespørsmålet mykje av tida hans om dagen. Problemstillinga med kvikkleire er såpass ny at dei er rådville kva dei skal gjere.

– Det var heilt tilfeldig at kvikkleireførekomsten vart avdekka her. Eg trur fleire kommunar kjem til å kome opp i same situasjon som vi har gjort, seier Myrvold.

I Kvinnherad er berre bustadfeltet på Halsnøy kartlagt. Ordføraren etterlyser at eit større område blir sett på.

– Dette kjenner vi veldig på. Dette handlar om liv eller død. Det er så viktig for oss alle.

Fjerde generasjon på garden

No gjer kommunen konkrete tiltak i området.

– Vi veit at vi bur på leire, men det bur kanskje andre her i området som ikkje veit det ein gong. Det er viktig å få vite meir, sånn at det skal vere tryggast mogleg for flest mogleg, seier familiefar Guttorm på Halsnøy.

Familien er fjerde generasjon på garden. Men dei er no usikre om det kjem til å bli ein femte generasjon som kjem til å etablere seg her i framtida.

Familien Tellefsen Hveem har hamna i faresone for kvikkleire og er urolege.

USIKKER: Beret og Guttorm meiner det er viktig at noko skjer sånn at familien kan føle seg trygge.

Foto: Tale Hauso / NRK

SØKEKART: Søk opp kommunen din i kartet og sjå om du bur under marin grense, markert i blått, som potensielt kan ha kvikkleire i grunnen.

Hei!

Er du mellom 20-24 år, og har ikkje tenkt å stemma?

Då vil eg gjerne snakka med deg!