Tunnelane kan redda Voss mot flaum: NVE meiner dei blir for dyre

I 2014, 2016 og 2018 var det flaum på Voss. Milelange flaumtunnelar kan hindre flaum i framtida, men NVE meiner at prislappen på drygt 4 milliardar er for høg.

Oversvømt campingplass med spikertelt og campingvogn under vann

FLAUMRÅKA: Vossevangen er svært utsett i periodar med mykje vatn i Vossovassdraget. I 2018 fløymde Vangsvatnet over og inn på Voss camping. I eit våtare klima vil flaumane koma hyppigare og med høgare vasstand.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Etter mange års venting og frustrasjon blant innbyggarar på Voss, presenterte Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i dag rapporten for flaumsikring av Vossavassdraget.

Storflaumen i 2014 gjorde store skader på vegar, jernbane og bygningar i Voss herad, og politikarane har i ei årrekkje etterlyst flaumsikring. Også i 2016 og 2018 gjekk Vangsvatnet over sine bredder.

I eit våtare framtidsklima trur forskarane skadeflaumar vil koma oftare og med større kraft.

Fleire av grunneigarane i Vossovassdraget har i det lengste håpa på at ein flaumtunnel vil vera løysinga.

Nils Martin Seim representerer grunneigarane i vest i Vossovassdraget. I desember i fjor var han klokkeklar:

– Det må byggast ein flaumtunnel for å leia vatnet ned til Hardangerfjorden. Dette burde dei ha konkludert med allereie i 2016, sa Seim, som representerer grunneigarane vest i Vossovassdraget.

Nils Martin Seim

VIL HA FLAUMTUNNELAR: Nils Martin Seim representerer grunneigarane vest i Vossovassdraget. Her fotografert på Evanger, eit av dei mest flaumutsette områda langs vassdraget.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dyrare enn først antatt

No har NVE rekna på to hovudstrategiar: Anten å ta vatn ut av vassdraget eller å behalda vatnet i vassdraget.

  • Å føra vatn ut av vassdraget gjennom tunnelar frå Nesheim i Lønavatn og frå Urland til Granvin ved Hardangerfjorden. Dette er det rimelegaste av dei lange tunnelalternativa, estimert til 3,7 milliardar kroner. I tillegg må Evanger sikrat mot flaum.
  • Å føra vatn gjennom tunnelar nedover vassdraget. Forslaget inneber to flaumtunnelar forbi Voss sentrum, éin frå Raundalselvi og éin frå Strandaelvi. Deretter ein større flaumtunnel frå Vangsvatnet til Evangervatnet, og vidare ein flaumtunnel frå Evangervatnet til Bolstadøyri. Dette alternativet er kostnadsrekna til 4,3 milliardar kroner.

Vurderinga viser at det er mogleg å sikra busetnad og infrastruktur langs Vossovassdraget mot ein framtidig 200-årsflaum ved bruk av flaumtunnelar.

Men forprosjektet viser at desse vil bli dyrare enn først antatt.

– Detaljering av flaumtunnelar har vist at tiltaka er meir kostnadskrevjande enn det vi såg for oss då prosjektet tok til, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Flom i Vosso oktober 2018

VOSSO: Elva Vosso nådde nesten opp til skjenegangen på Bergensbanen i oktober 2018.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ikkje samfunnsøkonomisk vinst

Alternativa vil medføra å sprenga ut 30–40 kilometer med tunnelar for å føra vatn ut av eller forbi vassdraget.

Kostnadene gjer at NVE av samfunnsøkonomiske årsaker ikkje vil tilrå å gå vidare med desse alternativa. I staden meiner dei Voss herad bør gå vidare med detaljering av lokale flaumtiltak.

– Me ser at alternativ med flaumtunnelar kan verte utfordrande å prioritera. I lys av dette vil det verta viktig å arbeide vidare med detaljering av lokale flaumtiltak, seier Samdal.

Eit tredje alternativ er å laga lokale flaumsikringstiltak med flaumsikringsmur, -vollar og mobile flaumverk på Voss og Evanger.

Hans-Erik Ringkjøb
Foto: Jon Bolstad / NRK

Ordførar: – Forstår tankegangen til NVE

– Min umiddelbare tanke er at dei store prosjekta blir veldig dyre. Konklusjonen er vel at me må koma i gang med lokale tiltak så raskt som råd, seier ordførar Hans Eirik Ringkjøb (Ap).

Desse tiltaka vil vera gode nok for å handtera 200 årsflaumar, men ikkje gode nok for å handtera dei verkeleg store flaumane.

– Dette vert difor ein to-trinns rakett: Først lokale tiltak og så må me sjå kva me har trong for av tiltak som er av større karakter. Eg forstår tankegangen til NVE, kommenterer Ringkjøb.

Ordføraren tar den høge prislappen på flaumtunnelane med fatning. Han har likevel ikkje mista håpet om flaumtunnelar i framtida.

– Eg trur det blir veldig krevjande å binda oss til eitt alternativ, som er så dyrt at det nesten er uråd å få gjennomslag for det. No må me ta dette i etappar og sjå kva effektar lokale tiltak gir, seier Ringkjøb.

Brigt Samdal - NVE

DYRT: Regiondirektør Brigt Samdal i NVE omtalar dei store tunnelalternativa i Vossovassdraget som dyrare enn antatt.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK