Hopp til innhold

NVE med farevarsel: Unngå utsette område

På Vestlandet kan ein forvente både små og større jordskred det komande døgnet. NVE har sendt ut gult farevarsel for jordskred og ber folk halde seg unna utsette område.

Regnvær

VÅTT: Godt over 200 millimeter skal ramle ned i dei mest nedbørrike områda på vestlandet dei neste seks døgna.

Foto: Lise Åserund / Scanpix

Det er store nedbørsmengder som er årsak til farevarselet. Det neste døgnet kan det komme opp mot 60 til 80 millimeter med nedbør lokalt.

– Vi kan forvente nokre skredhendingar der det er bratte skråningar, og spesielt utsett er dei områda som har bekker og elveløp, seier geolog Lene Kristensen i jordskredvarslinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Nedbør vestlandet 11.september 18

GUL FARE: NVE har sendt ut jordskredvarsel på gult nivå som følgje av all nedbøren, det er det første av fem trinn.

Foto: Meteorologisk institutt

Ho oppfordrar folk til å halde seg innandørs i område der det er bratt eller ved elver og bekker med stor vassføring.

– Folk bør følgje med på varsom.no for oppdateringar og korleis vêret utviklar seg. På vêrradaren kan ein sjå kvar den mest intense nedbøren er. Skredfaren er høgast der det regnar mest, seier Kristensen.

Farevarselet gjeld til og med onsdag kveld, og NVE gjer ei ny vurdering i morgon.