Hopp til innhold

NVE-ja til avgjerande kraftline

Sunnfjord energi har fått løyve til å byggje ei 29 kilometer lang kraftline frå Hålandsfossen til Lutelandet i Fjaler.

Lutelandet

STORE PLANER: Her, på Lutelandet, er det store planer om både industri- og energipark.

Foto: Merete Høidal / NRK

Lina skal i første rekkje føre vindkrafta frå Lutelandet Energipark inn på hovudnettet.

Stein Arne Ottesen, dagleg leiar i Lutelandet utvikling, seier 132 kV-lina er minst like viktig for den planlagde industriparken på Lutelandet.

– Skal ein klare å få til industriutbygging på Lutelandet, så er skikkeleg kraftforsyning ei av dei viktigaste infrastrukturtiltaka vi kan få på plass, seier han.

Konsesjon i fjor

Olje- og energidepartementet gav Lutelandet Energipark endeleg konsesjon i oktober i fjor .

Leidningen som NVE no har gjeve grønt lys for, skal byggjast med stålmaster frå Hålandsfossen til vestsida av Rennestraumsvatnet, og med tremaster på resten av strekka fram til Lutelandet. Stålmastene skal målast svarte.

I same renna får Sunnfjord Energi også løyve til å byggje og drive ein transformatorstasjon på Lutelandet, og eit 132 kV koplingsfelt i Hålandsfossen transformatorstasjon i Fjaler.

Store industriplanar

I vedtaket legg NVE vekt på at lina er naudsynt for å knytte Lutelandet vindkraft til nettet.

Ein har sidan 2005 jobba med å få på plass kraftlina som ein føresetnad for alle dei store industriplanane som er for det over 3.000 mål store industriområdet på Lutelandet.

– Vi vil jo klare å få til industri i noko omfang utan denne linja, men skal det bli så stort og så omfattande som vi har ambisjonar om, så avheng vi av ei slik kraftline, seier Ottesen.

– Like viktig som veg

I første omgang kjempa ein for å få lina som ein del av elektrisk kraftforsyning til Gjøa-plattforma i Nordsjøen. Då dei planane stranda, vart det vindmøllene på Lutelandet som trong kraftlina.

Heile tida har kraftlina vore ein viktig føresetnad for planane og visjonane om storindustri, mellom anna knytt til gass frå Nordsjøen.

– For oss er straum like viktig som veg for å få til noko på Lutelandet, avsluttar Ottesen.

Krev planarbeid

NVE vedgår at ei kraftline med dette spenningsnivået medfører ulemper i dei område den berører. Samstundes meiner dei Sunnfjord Energi har lagt fram gode traséløysingar som reduserer ulempene for både busetnad, naturmangfald, kulturminne, friluftsliv og landbruk.

Direktoratet krev også at det skal utarbeidast ein miljø, transport- og anleggsplan.

Etter ei samla vurdering finn NVE at dei samfunnsmessige fordelane er større enn skader og ulemper.