Hopp til innhold

– 50–80 millimeter nedbør er mengder ein ikkje skal kimse av

– Vi har jobba intenst med situasjonen i Hordaland og Rogaland. No flyttar vi fokus mot Sogn og Fjordane.

Brigt Samdal, regionsjef NVE

FØLGJER MED: Regionsjef Brigt Samdal og NVE vil følgje nøye med på nedbørsmengdene som er på veg mot Sogn og Fjordane.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

Det seier regionsjef Brigt Samdal i NVE om dei store nedbørsmengdene som no er på veg mot Sogn og Fjordane.

Førebels er det uklart kvar nedbøren vil treffe.

– 50–80 millimeter nedbør i løpet av 24 timar, kanskje litt kortare, er mengder vi ikkje skal tøyse med. Det er viktig å halde vassvegar opne så vatnet får renne fritt. Det skal så lite til før punkt blir tetta att og vatnet finn nye vegar, seier regionsjefen.

Auka snøsmelting

Liarvatn i Rogaland var våtast siste døgnet med 140,1 millimeter nedbør. Mauranger kraftstasjon i Hordaland målte 112,2 millimeter. Den store nedbørsmengda førte til auka vassføring elvar og bekkar. Likevel er det ikkje meldt om hendingar, ifølgje varsom.no.

Sogn og Fjordane er ikkje meir utsett for hendingar enn fylka sør.

– Vi håpar at snøpakken held attende vatn, som gjer at vi får mindre fare for hendingar. Men det avheng også av god beredskap for alle kommunar og aktørar som er ute, at dei er budde og at vatn får flyte der det skal flyte, seier Samdal.

Fryktar snøskred

Det er sendt ut obs-varsel for nedbørsmengdene som er på veg mot Sogn og Fjordane. Det er fare for overvatn i tett busett område og folk blir oppmoda til å vurdere førebyggande tiltak.

Prognosane viser at dei største nedbørsmengdene går nordover langs kysten.

Snøskredfaren er onsdag på nivå tre av fem for Voss, Indre Fjordane, Sunnmøre og Romsdal og Trollheimen. I Hordaland er jordskredvarselet også på tre, medan det er på nivå 2 både for Sogn og Fjordane og Rogaland.

Samdal fryktar sørpeskred meir enn flaum.

– Vestlandet er skapt slik at vi handterer relativt store nedbørsmengde. Ein del mindre og mellomstore vassdrag går raskt opp og raskt ned, men dersom vatnet får renne der det skal, og vatn blir halde att i snøpakken, så er det mindre fare for flaum, seier han.

– Sørpeskred, som igjen går over til jordskred, er noko vanskelegare å føresjå og førebu seg til. Dette er noko vi følgjer tett det neste døgnet, avsluttar han.