Hopp til innhold

Frp stel frå Høgre – på Vestlandet overraskar dei på listene

Framstegspartiet har fått eit løft langs kysten kort tid før valet. I Møre og Romsdal er Frp no det største partiet.

Sylvi Listhaug og Frank Sve

I VINDEN: Sylvi Listhaug og Frank Sve er i medvind. Første- og andrekandidaten for Frp i Møre og Romsdal kan glede seg over at partiet er størst i heimfylket på NRK si nye måling.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det er gledeleg med framgang, men vi skal stå på til siste slutt. For dette valet er utruleg viktig, seier Sylvi Listhaug, partileiar i Frp og førstekandidat i Møre og Romsdal.

På NRKs ferske supermåling er partiet størst i Møre og Romsdal, men går også fram i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Trenden er den same også nordover langs kysten, men unnatak av Nordland.

På landsbasis er partiet så vidt større enn Senterpartiet, med 12 prosent oppslutnad mot 11,9 prosent til Sp.

– No ser vi at til og med Høgre vil tukle med rammevilkåra for oljenæringa, som vil føre til mindre leiting, mindre funn, færre arbeidsplassar og dermed kutt i norsk velferd. Nyleg kom også Jonas Gahr Støre med beskjed om at han vil kutte i norsk oljeleiting. Dette er alvorleg for Noregs desidert viktigaste næring. Frp meiner oljen skal utviklast, ikkje avviklast, seier Listhaug.

Er på sikker plass

Frp-leiaren er på sikker stortingsplass. Også den rutinerte lokal- og fylkespolitikaren frå Sunnmøre, Frank Sve, kan få jobbadresse på Stortinget med sin andreplass på lista. I Møre og Romsdal har partiet 19,1 prosent oppslutnad og går fram 2,2 prosentpoeng i høve augustmålinga.

– Vi har vore tydelege på at vi ikkje vil avvikle olje- og gassektoren, slik andre parti har sagt. Berre i Møre og Romsdal jobbar det 20.000 innan denne sektoren. Dei er redde for jobbane sine, seier Sve.

Meningsmåling september 2021 for Møre og Romsdal

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.0% (endring: -0.4
SV: 8.2% (endring: +1.9
AP: 18.7% (endring: -0.4
SP: 17.8% (endring: -6.3
MDG: 2.7% (endring: +0.6
KRF: 5.7% (endring: +0.6
V: 3.3% (endring: +1.6
H: 15.2% (endring: -0.1
FRP: 19.1% (endring: +2.2
Andre partier: 5.2%
Utført av Norstat 2.–5. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

– Mange er redde for jobbane sine

I slutten av august la regjeringa fram forslag til store endringar i skattereglane for olje- og gassektoren. Samtidig har det såkalla «Oljebrølet» vekt eit stort engasjement.

Fleire enn Sve peiker nettopp mot oljesektoren for å forklare Frp-framgangen:

– Vi er den einaste garantisten for at det framleis skal produserast olje og gass. Folk er redde for arbeidsplassane sine, seier May Helen Hetland Ervik, som står på tredjeplass på Frp-lista i Rogaland.

Frp har på NRK-målinga 18,3 prosent oppslutnad i Rogaland.

Meningsmåling september 2021 for Rogaland

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 2.7% (endring: -1.2
SV: 5.7% (endring: +1.6
AP: 24.2% (endring: +0.9
SP: 8.3% (endring: -1.5
MDG: 3.6% (endring: +0.6
KRF: 8.4% (endring: +3.8
V: 3.3% (endring: +0.9
H: 23.3% (endring: -1.7
FRP: 18.3% (endring: +0.8
Andre partier: 2.2%
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Litt lenger nord, i Sogn og Fjordane valkrins, får partiet ein oppslutnad på 10,9 prosent og pustar Høgre i nakken. Også førstekandidat i Sogn og Fjordane, Arnfinn Sjåstad, meiner Frp scorar på å vere tydelege.

– CO₂-avgift, miljø og den nye oljeskatten har vore store tema i valkampen. Vi har ein kyst som er avhengig av føreseielegheit når det gjeld dette, der vi prøvd å vere tydelege, seier Sjåstad.

Arendalsuka 2018

EKSPERT: Johan Giertsen i Poll of polls ser ikkje bort frå at Frp i Hordaland kan kome tett på resultatet frå 2017.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ekspert: – Oppsiktsvekkande

Veksten til Frp i Sogn og Fjordane og Hordaland er oppsiktsvekkande, meiner meiningsmålingsekspert Johan Giertsen i Poll of polls.

– Frp har ein fair sjanse i Hordaland til å kome tett på valresultatet frå 2017 på 15 prosent, noko dei nok vil vere svært fornøgde med. Det betyr og at dei er med i kampen om tre mandat, seier Giertsen.

Meningsmåling september 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 5.2% (endring: +1.8
SV: 9.0% (endring: +2.5
AP: 23.6% (endring: -0.4
SP: 6.9% (endring: -4.9
MDG: 4.0% (endring: -0.3
KRF: 5.9% (endring: +2.1
V: 5.6% (endring: +3.0
H: 23.1% (endring: -5.0
FRP: 13.3% (endring: +2.8
Andre partier: 3.4%
Utført av Norstat 2.–5. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, meiner framgangen i målinga syner at Frp har mobilisert mot slutten av denne valkampen.

Regionalt meiner han at noko av framgangen kan forklarast med regjeringa sitt forslag om å stramme til skattereglane for oljebransjen.

–. Vi ser av tala våre at Frp no hentar til seg veljarar som stemte på Høgre for fire år sidan, særleg i Rogaland og Hordaland. I Oslo og Akershus er trenden motsett, der mister Frp veljarar til Høgre. Det er også det samla biletet nasjonalt.

Lars Nehru Sand

POLITISK KOMMENTATOR: Lars Nehru Sand meiner målinga syner at Frp har mobilisert mot slutten av valkampen.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Motvind for Høgre

Høgre tapar på si side veljarar til Frp i Sogn og Fjordane. NRK-målinga viser at 10 prosent av Høgre-veljarane i 2017 no har vandra til Frp.

– Målinga er teken opp like etter saka om refusjonsordninga for oljeleiting kom opp. Det veit vi vart ei dårleg sak for Høgre med det same. Etter kvart som ein har fått fram heilskapen i ordninga, har Høgre gått opp igjen, seier Olve Grotle, førstekandidat for partiet i Sogn og Fjordane.

Meningsmåling september 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med august 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 4.0% (endring: +0.4
SV: 6.5% (endring: +1.1
AP: 25.5% (endring: +4.0
SP: 28.3% (endring: -9.0
MDG: 4.3% (endring: +1.3
KRF: 3.5% (endring: -0.3
V: 3.5% (endring: +1.5
H: 11.2% (endring: -3.0
FRP: 10.9% (endring: +3.3
Andre partier: 2.3%
Utført av Norstat 2.–7. september600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Partifelle Aleksander Stokkebø (H) er ikkje nøgd med at partiet fell i Rogaland, og vil mobilisere for fullt.

– Eg trur det nok det har litt med endringar i oljeskatten å gjere, som vi kanskje ikkje har kommunisert godt nok ut. Men no veit vi jo at både selskapa og bransjen og fagforeiningar seier det er eit godt forslag som vil trygge kobbane i industrien og få ned utsleppa.

Berre ein på fast plass

I meiningsmålinga går Høgre frå tre til ein representant i Møre og Romsdal. Det same var tilfellet i augustmålinga. Det betyr at det berre er Helge Orten som er inne på fast plass.

– Det er veldig jamt, mange har ikkje bestemt seg enno. Vi må bruke dette som motivasjon til å stå på, seier Orten.

Helge Orten

LEVER I SPENNING: Stortingsrepresentant Helge Orten er den einaste frå Høgre i Møre og Romsdal som i skrivande stund har fast plass på tinget.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK