Valforskar om kampen mellom desse: – Det er ein grøn kannibalisme mellom miljøpartia

Venstre strevar med å gjere som MDG: Å kome over den magiske sperregrensa i NRKs ferske måling. Partia kan fort stå i veien for kvarandre, meiner valforskar.

Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V)

UTE OG INNE: Arild Hermstad (MDG) og Alfred Bjørlo (V) saman for miljøet i Førdefjorden torsdag. Dagen etter kjem målinga som viser at det kanskje ikkje er plass til begge to over sperregrensa.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

NRKs supermåling er kjip lesing for Venstre, som profilerer seg som «liberalt miljøparti».

For Venstre er nemleg eit stykke unna sperregrensa i NRK-målinga. Samtidig kan eit anna miljøparti, MDG, juble.

I NRKs nye supermåling for august får Venstre 3,3 prosent av stemmene, medan Miljøpartiet Dei Grøne er over sperregrensa. Dei får 4,3 prosent oppslutnad. SV får 6,9 prosent oppslutnad i målinga.

– Mange hadde nok sett for seg at ein skulle få ei sterkare oppslutnad om dei miljøengasjerte partia etter ein vår der det har vore mykje fokus på miljøspørsmål, seier valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU.

– Det vi ser og har sett før er at det ser ut til miljøopinionen vi har er forholdsvis stabil i storleik, seier Jenssen.

Torsdag møtte NRK både Alfred Bjørlo (V) og Arild Hermstad (MDG) NRK i Førdefjorden. Her dei ville slå eit slag mot dumping av gruveavfall i fjorden.

Dei radikale partia gjer det godt i folkerike strøk som Oslo.

I Vestland fylke er det same tendens som nasjonalt: MDG er større enn Venstre, men ingen av dei er særleg store.

Meningsmåling august 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3,4 % (endring: −0,7
SV: 6,5 % (endring: −3,3
AP: 24,0 % (endring: +5,6
SP: 11,8 % (endring: −2,7
MDG: 4,3 % (endring: +0,7
KRF: 3,8 % (endring: −1,0
V: 2,6 % (endring: −0,9
H: 28,1 % (endring: +0,8
FRP: 10,5 % (endring: +1,0
Andre partier: 5,2 %
Utført av Norstat 2.–5. august600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Meningsmåling august 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med juni 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3,6 % (endring: +0,5
SV: 5,4 % (endring: −1,6
AP: 21,5 % (endring: −0,9
SP: 37,3 % (endring: −3,0
MDG: 3,0 % (endring: +0,3
KRF: 3,8 % (endring: +0,9
V: 2,0 % (endring: +0,3
H: 14,2 % (endring: +2,8
FRP: 7,6 % (endring: +0,8
Andre partier: 1,6 %
Utført av Norstat 2.–5. august600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

– Gledelege nyheiter for MDG

I NRK-målinga for juni låg MDG under sperregrensa. Arild Hermstad er på NRK si måling i august inne på Stortinget for MDG i Hordaland.

Dersom dette hadde vorte valresultatet ville MDG fått i alt åtte mandat.

– Dette er gledelege nyheiter for oss. Håpet for oss no framover er at dette valet verkeleg blir eit klimaval, seier Hermstad til NRK.

I NRKs supermåling for juni låg Venstre i Sogn og Fjordane på 1,7 prosent oppslutnad. I augustmålinga er talet 2 prosent.

– Det er sjølvsagt altfor lågt, men stikk i strid men alle andre målingar vi har fått i det siste. Dei viser at Venstre er i solid giv framover og i ferd med å passere sperregrensa, seier Alfred Bjørlo, førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.

Han er langt unna stortingsplass i heimfylket.

Mandatfordeling august 2021 for Hordaland

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
H: 5 mandater, endring 0
AP: 4 mandater, endring 0
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring 0
SV: 1 mandat, endring 0
MDG: 1 mandat, endring +1
R: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring −1
V: 0 mandater, endring −1
Utført av Norstat 2.–5. august600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Hordaland. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Hordaland gått til Rødt

Les mer om NRKs meningsmålinger

Mandatfordeling august 2021 for Sogn og Fjordane

Endring sammenlignet med nåværende Storting
Mandatfordeling per parti
SP: 2 mandater, endring +1
AP: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
SV: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
KRF: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
H: 0 mandater, endring −1
FRP: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 2.–5. august600 svar

I tillegg til direktemandatene blir det valgt inn et utjevningsmandat fra Sogn og Fjordane. Dersom denne målingen var valgresultatet ville utjevningsmandatet i Sogn og Fjordane gått til Høyre

Les mer om NRKs meningsmålinger

– Grøn kannibalisme

Jenssen meiner partia med miljøfokus stel veljarar seg imellom og kallar det «grøn kannibalisme».

– Det eine grøne partiet stel veljarar frå det andre grøne partiet, litt avhengig kva miljøsaker som er på dagsorden. Men også fordi miljøbevisste menneske også har andre standpunkt som speler inn, seier valforskaren.

Anders Todal Jensen

VALFORSKAR: Anders Todal Jenssen er professor ved NTNU. Miljøopinionen er ifølgje han stabil.

Foto: Randi Lillealtern / NRK

MDG-kandidaten trur Venstre og MDG i liten grad kjempar om dei same veljarane.

– Når Venstre har sete i regjering i mange år har mange mist tolmodet med partiet. Dei viktigaste motstandarane våre ligg i dei store, Høgre, Frp og Ap som ikkje har god nok klimapolitikk i dag, seier Arild Hermstad.

Bjørlo legg vekt på at dei står for ein grøn politikk og samstundes har det han kallar ein meir offensiv næringspolitikk, i tillegg til at dei er opptekne av skule og utdanning.

– Vi er eit breiare parti enn MDG samtidig som vi leverer resultat og får til ting på klima- og miljøområdet, seier han.

Demonstrasjon i Vevring 12. august 2021

MILJØPARTI: Venstre, SV og MDG var blant partia som torsdag var med på båttur til Vevring i Førdefjorden. Der er det planlagt gruvedrift med deponi av massar i fjorden.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

1862 har meldt seg inn i MDG

Etter at FNs nye klimarapport blei lagt fram måndag hadde MDG torsdag kveld passert 1862 nye medlemmer.

226 av desse bur i Vestland.

– Dette viser at MDG har stort truverd på klima og at veldig mange menneske har fått auga opp for at dette er eit politisk spørsmål, seier Hermstad.

Venstre har fått 64 nye medlemmer på landsbasis sidan måndag.

Når Venstre godt nok fram som miljøparti?

– Det opplever eg. Det vi ser no er ein vekst på dei siste målingane som har kome for Venstre som er tatt opp etter at klimarapporten er lagt fram. Eg får tilbakemeldingar på at folk er begynt å vakne og at det også gjer at fleire vil røyste Venstre, seier Bjørlo.