Hopp til innhold

NRK Vestland får ny, felles nettside

Grundigare og endå betre journalistikk. Det er lovnaden til redaktøren når NRK Vestland kjem i ny og felles drakt på nettet.

Frå måndag føremiddag er dei lokale nettsidene til NRK Hordaland og NRK Sogn og Fjordane historie. Då vil lesarane automatisk verte styrte til nrk.no/vestland, som vert den nye nettsida til NRK Vestland. Her vil det nye distriktskontoret samle nyheiter og reportasjar frå heile Vestland fylke.

Etter kvart vil lesarane også oppleve at sakene vert presenterte med ein meir moderne og spenstigare utsjånad.

– Einaste som dekker heile fylket

– Vi er det einaste mediehuset som dekker heile det nye fylket. Målet er å gje lesarane gode og fordjupande saker. Saman skal vi klare å skape noko endå betre, seier distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland.

Dyveke Buanes

HAR TRUA: Distriktsredaktør Dyveke Buanes lovar lesarane eit betre tilbod når kontoret no får felles nettside.

Foto: Tale Hauso / NRK

Når du utpå måndagen klikkar deg inn på dei gamle nettadressene våre, vil du altså verte møtt av nyheiter og reportasjar frå begge dei gamle fylka.

– Eg ønskjer at vi skal bidra til å byggje fellesskapskjensla i det nye fylket. Det er berre vi som har det oppdraget.

– Meir oppdatert side

Buanes seier at samanslåinga av dei to distriktskontora med ei felles nettside gjer det lettare å setje av ressursar til å drive med meir djuptgåande og gjennomarbeidde saker, som også har interesse for eit nasjonalt publikum.

Ho peikar på at betre samordning av saker og publisering også vil gje ei meir oppdatert nyheitsside gjennom heile dagen.

– Ikkje mindre lokal

Buanes er ikkje redd for at nettsida ikkje vert lokal nok.

– Eg trur ikkje saka vert mindre interessant for lokalbefolkninga sjølv om den er laga slik at den fengjer eit større publikum. Oppdraget vårt er å lage saker frå den vestnorske kvardagen som skal nå flest mogeleg, forklarar distriktsredaktøren.

Frå måndag får NRK Vestland også felles Facebook-konto og frå 14. februar får kontoret også felles Instagram-konto.