– Det er veldig kjekt at vi klarar å vinne ein slik pris i så skarp konkurranse. Det var svært gode kandidatar vi konkurrerte mot, seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Kai Aage Pedersen.
Storflaumen i oktober i fjor var ei dramatisk oppleving for mange. På eit tidspunkt var nær 200 menneske evakuerte. Fem hus vart feid bort med vassmassane, og seks andre fekk store skadar.
– Kultur for rask dekning
NRK Sogn og Fjordane valde å bryte inn i P1-sendinga og formidle situasjonen til lyttarane.
– Det viser at arbeidet som har vore lagt ned i mange tiår med å vere raskt ute med å dekke denne typen hendingar, har gitt resultat, seier Pedersen og legg til:
– Det er ein kultur som ligg i veggane i heile NRK Sogn og Fjordane, og som alle tilsette lærer seg med ein gong dei går inn dørene.
Du kan høyre utdrag frå den prisvinnande sendinga her:
– Ein fantastisk innsats
Erlend Blaalid Oldeide var programleiar og Eldgrim Fossheim var produsent. Distriktsredaktøren er full av lovord.
– Dei gjorde ein fantastisk innsats. Det er spesielt stas for Eldgrim Fossheim, som no er pensjonist. Det er sannsynleg at det siste han gjer for NRK Sogn og Fjordane er å ta i mot ein slik pris.
Men Pedersen gir også resten av redaksjonen ros.
– Erlend og Eldgrim var på lufta, men det var og eit stort korps bak som jobba for eit godt resultat på lufta, seier han.
– Ein pris for lokaljournalistikken
Programleiar Erlend Blaalid Oldeide seier han er stolt og audmjuk etter å ha fått prisen.
– Men ein heil redaksjon står bak ei sending som dette. Ein redaksjon som ønskjer å vere til stades i kvardagen til folk i fylket, og naturlegvis også på slike ekstraordinære dagar. Ekstra kjekt er det å få dele denne prisen med Eldgrim, som har sitt aller siste oppdrag som tilsett i NRK. Dette sluttar sirkelen for mannen som var fyrst ute i Norge med denne typen ekstrasendingar, seier Oldeide.
– Eg tenker at dette er ein pris som verdset lokaljournalistikk og lokaljournalistar, som kvar einaste dag er til stades i lokalsamfunna vi dekkjer, seier programleiaren.
PS: Silje Ese frå Balestrand vann pris for årets reportasje, i programmet Verdens Rikeste Land.