Dette inneber at NRK Sogn og Fjordane blir underlagt distriktsredaktøren i Bergen eller Ålesund, og at det berre vil vere igjen ein plassjef på distriktskontoret i Førde.
Tre alternativ
Det er laga tre forslag for ei ny organisering av distriktskontora på Vestlandet, og ingen av forslaga går ut på å oppretthalde NRK Sogn og Fjordane som eit eige distriktskontor med eigen distriktsredaktør.
Meir journalistikk
Mindre leiing, meir journalistikk. Nye radiotilbod og meir tilstades i distrikt-Norge. Dette lovar direktør Anne Aasheim skal bli resultatet av omstillinga som distriktskontora i NRK skal gjennom.