Hopp til innhold

NRK køyrer fjellovergangane: Fjellfavoritten

HEMSEDALSFJELLET (NRK): I over 150 år har det vore overnatting på Bjøberg på Hemsedalsfjellet. Mykje er det same som før, men skyss-stasjonen frå 1844 har sett ein samferdslerevolusjon.

Fjellovergang-reporter Oddgeir Øystese vurderer riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

SJÅ VIDEO: Fjellovergang-reporter Oddgeir Øystese vurderer RV 52 over Hemsedalsfjellet. Redigering: Wassmo

– Det er ikkje akkurat eit høgfjellshotell. Men det er mange som set pris på dette og.

Runar Bjøberg viser rundt i ei spisestove der tida har stått stille. Langbordet er enkelt, peisen er rosemåla og stolane har blitt kvilt på av reisande i mange, mange tiår.

– Dette bordet åt Fridtjof Nansen ved ein gong, forklarer skysstasjonssdrivaren, bonden og brøytebilsjåføren.

Runar Bjoberg på Hemsedalsfjelllet

GAMMAL VEG: Runar Bjøberg driv høgfjellsgarden på Bjøberg. Vegen har hatt to stordomstider, ein frå opninga i 1844 fram til Bergensbana stod klar i 1909, og no etter Lærdalstunnelen opna i 2000.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Stor trafikkutvikling

Vegen over Hemsedalsfjellet stod klar i 1844, med overnattingsstader på Bjøberg og Breistølen på Sognesida av fjellet. Stordomstida var fram til Bergensbana sto klar i 1909. Fram til då var vegen den mest nytta mellom aust og vest.

I 1970 byrja dei å brøyte vegen vinterstid, men det var i år 2000 den nye stordomstida for vegen byrja. Lærdalstunnelen gjorde då vegen til eit ferjefritt alternativ mellom Oslo og Bergen.

– Trafikken aukar år for år, særleg tungtrafikken, stadfester Runar Bjoberg.

Denne veka køyrer NRK over alle dei fem fjellovergangane mellom Bergen og Oslo. Målet er at du skal få ein oversikt over opplevingane, og utfordringane, turen byr på.

Sjå deg rundt på Hemsedalsfjellet her:

Nye tunnelar

På 1030 moh. er staselege Bjøberg og det høgstliggande gardsbruket i landet i heilårsdrift. Her er det fjøs, bustad og overnattingsstad i same bygget, slik det var då dei første reisande kom på vegen over Hemsedalsfjellet.

Men no kan utsikta til samferdsleåra forsvinne frå glasa på Bjøberg. Ifølgje Hemsedal kommune er fjellovergangen den mest trafikkerte mellom aust og vest. Riksveg 52 skal satsast på. Det kan bety nye tunnelar utanom skysstasjonen.

– Kanskje kjem munningen ein kilometer nede i dalen. Det vert spanande å sjå, meiner Runar Bjoberg.

– Vonleg finn folk fram til Bjøberg likevel.

Noko blir verande som før på Hemsedalsfjellet.

Fjellovergang - Hemsedalsfjellet

NRK meiner:

På kvar overgang gjer vi ei uformell vurdering av turen og vegen. Denne er basert på vegkvalitet, reiseavstand, natur og kva problem vêret på strekninga fører med seg.

«Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er eit naturleg veg for mange, særleg om vinteren. Standarden er god, og vegen er for det meste open. Reiseavstanden er berre to mil lengre enn Hardangervidda, men det er meir total stigning. Du får og ei oppleving av fjellet om du vel denne vegen.»

Vi vurderar kvar fjellovergang på desse tre kriteria:

  • Oppleving: 3 av 5 stjerner
  • Tid og økonomi: 3 av 5 stjerner
  • Pålitelegheit: 3 av 5 stjerner

Kva meiner du om riksveg 52 over Hemsedalsfjellet? Bruk skjemaet og kommentarfeltet under:

Laster innhold, vennligst vent..