Hopp til innhold

NRK køyrer fjellovergangane: Anleggsvegen over fjellet

VESTREDALSVATNET (NRK): Vegen vart bygd for å kome til kraftverksanlegga på fjellet. No er det brøytebilsjåfør Sigve Nestegard som bestemmer her.

Oddgeir Øystese med GoPro i bilen. Kart og grafikk.

NRK-reporter Oddgeir Øystese gjev deg si subjektive vurdering av dei fem fjellovergangane. Denne gongen har han teke turen over Aurland-Hol. Grafikk og redigering: Hobbesland/Wassmo

– Du lærer deg å ha respekt for fjellet. Eg har opplevd mykje skummelt. Ras, uver og biler som køyrer seg fast i kolonnene.

I dag er det sol og ein iskald vind ved Vestredalsvatnet. Men ingen problem for dei få som vel denne overgangen. Det veit brøytebilsjåfør Sigve Nestegard kan snu fort.

– Og då er det eg som har ansvar for avgjerda om å stenge vegen, eller om me kan køyre kolonne.

brøytebilsjåfør Sigve Nestegard

BESTEMMER: Brøytebilsjåfør Sigve Nestegard har ansvar for avgjerda om å stenge fjellovergangen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Upopulær

Brøytebilsjåføren seier det hender han må avvise folk frå kolonna om dei ikkje har gode nok dekk eller nok klede.

– Du får kjeft av og til. Særleg er det mange som ikkje trur at det er dårleg ver på fjellet når det er fint i dalen.

– Er det stor skilnad på grensene dei forskjellige brøytebilsjåførane har for å stenge vegen?

– Ja, det er det. Stor skilnad, stadfester Nestegard utan å ville røpe om han er av dei forsiktige.

Sjå 360-foto frå Låvisberget her:

Fryktar stans

Det alle brøytebilar er mest redde for er at ein bil skal få ein lang stans i kolonna. Då kan snøfokk fort føre til at alle blir ståande fast.

– Eg har ikkje opplevd det sjølv. Men det har vore nære på eit par gonger, fortel brøytebilsjåføren.

– Alle må lære seg å respektere vinterfjellet.

Fjellovergang - Aurland Hol

NRK meiner:

På kvar overgang gjer vi ei uformell vurdering av turen og vegen. Denne er basert på vegkvalitet, reiseavstand, natur og kva problem vêret på strekninga fører med seg:

«Kjem du frå vest startar Aurland-Hol som nesten ein anleggsveg. Men vegstandarden kjem seg mykje når du når toppen. Likevel er det vanskeleg å velje denne vegen når Hemsedalsfjellet berre er to kilometer lengre og har betre kvalitet og regularitet.»

Vi vurderer kvar fjellovergang på desse tre kriteria:

  • Oppleving: 3 av 5 stjerner
  • Tid og økonomi: 2 av 5 stjerner
  • Regularitet: 1 av 5 stjerner

Gje oss din vurdering av FV 50 som fjellovergang her eller i kommentarfeltet under:

Laster innhold, vennligst vent..