Hopp til innhold

NRK køyrer fjellovergangane: Den lågaste og lengste

FILEFJELL (NRK): Når anleggsarbeidet er ferdig på E16 vil fjellovergangen ikkje komme over 1000 meter over havet. Men kor mange vil likevel ta omvegen om Valdres?

NRK testar fjellovergangane

SJÅ VIDEO: Fjellovergang-reporter Oddgeir Øystese vurderer E16 over Filefjell. Redigering: Wassmo/Hobbesland/Lagmandokk

– Vi får ein trygg og vintersikker veg. Ein som nesten ikkje treng stengast om vinteren.

Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen er teknisk byggjeleiar for anleggsarbeidet øvst oppe på Filefjell. Frå anleggskontoret på Tyinkrysset ser han bort på munningen av Filefjelltunnelen.

Når den opnar til hausten tek den vekk det høgaste og verste strekket av europavegen.

– Vi har bygd nye tunnelar og bruer, og heva vegbana mange stader for lettare snørydding. Det har vore overraskande problemfritt å jobbe på høgfjellet.

Denne veka køyrer NRK over alle dei fem fjellovergangane mellom Bergen og Oslo. Målet er at du skal få ein oversikt over opplevingane, og utfordringane, turen byr på.

  • Gi oss din rangering av E16 over Filefjell nedst i saka.

Sjå deg rundt i 360-foto frå Filefjell, ved Nedre Smeddalsvatnet i Sogn og Fjordane:

Ein omveg

Frå Bergen til Oslo er alternativet over Filefjell 60 kilometer lengre enn Hardangervidda, og 39 kilometer lengre enn Hemsedalsfjellet. Vegstandarden i øvre Valdres er og dårlegare enn i Hallingdal.

Sverre Kjos-Wengjum i Statens Vegvesen

BYGGER NYE E16: Sverre Kjos-Wenjum bygger tunnel på høgfjellet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sidan 2010 har det vore omfattande byggearbeid på dei fire milene veg austover frå Borlaug i Lærdal. Prisen er på godt over tre milliardar kroner. Arbeidet skal vere ferdig om eit år. Og no vert det varsla satsing på to av dei andre fjellovergangane framover.

Kjos-Wenjum vil ikkje ha ei meining om det er rett ressursbruk.

– Politikarane bestemmer. Me bygger vegen. Om dei vil ha oppgradert andre høgfjellsparti står me klare til det.

Kongevegen

NORGES VAKRASTE: E16 går i stor grad paralellt med Kongevegen mellom Lærdal i Sogn og Vang i Oppland, som er kåra til Norges vakraste veg, saman med Skjarvelandet på Haøysundvegen i Finnmark.

Foto: Statens vegvesen: Sverre Hjørnevik

Kongeveg og stamveg

Vegarbeidarane har kunne studert andre byggeteknikkar på Filefjell. Traseen til den gamle Kongevegen frå 1793 står intakt mange stader. Det var den første kjerrevegen mellom Vestlandet og Austlandet.

Den gamle Kongevegen vart i 2015 kåra til Norges vakraste veg.

– Det er imponerande kva dei fekk til med det dei hadde til rådigheit då. Verkeleg flott handverk, meiner Sverre Kjos-Wenjum.

Trur du at arbeidarar om hundre år vil tenke slik om det de bygger her no?

– Eg håper i alle fall at folk no meiner at det er gjort godt og pent arbeid på europavegen.

Fjellovergang - Filefjellet

NRK meiner:

På kvar overgang gjer vi ei uformell vurdering av turen og vegen. Denne er basert på vegkvalitet, reiseavstand, natur og kva problem vêret på strekninga fører med seg:

«E16 over Filefjell er det fjellovergangen som er minst fjellovergang. Det er den mest vintersikre vegen mellom aust og vest, men byr nok ikkje på dei same opplevingane av fjellet som nokre av dei andre overgangane.»

  • Oppleving: 2 av 5 stjerner
  • Tid og økonomi: 2 av 5 stjerner
  • Pålitelegheit: 4 av 5 stjerner

Kva meiner du om E16 over Filefjell? Bruk skjemaet og kommentarfeltet under:

Laster innhold, vennligst vent..