Hopp til innhold

NRK inviterer til klimadebatt og bryggefest i Flåm

Verdiskaping eller forpesting? Torsdag inviterer NRK til debatt på cruisekaia i Flåm.

Hvordan påvirker politikken i Norge hverdagen til folk? 
I folkemøte om reiseliv, landbruk og klimapolitikk, møtes politikere og publikum i vakre turistbygda Flåm i Sogn og Fjordane. Med fokus på det lokale viser vi hvordan politiske valg setter preg på hverdagen vår.
Programleiar er Ingerid Stenvold.

KLIMADEBATT: Debatten startar om bord på Future of the fjords og flyttar over på brygga i Flåm undervegs. Debatten blir sendt direkte på NRK1.

Flåm i Aurland er valt ut som ein av fem stader der NRK har folkemøte før kommune- og fylkestingsvalet 9. september. Den direktesende debatten startar om bord på Future of the fjords torsdag kveld, og flyttar over på brygga i Flåm undervegs.

Landbruk og reiseliv i eit klimaperspektiv blir dei to store temaa under debatten i Flåm. Ingerid Stenvold leier debatten, medan Håvard Heggen er reporter under sendinga.

Ingerid Stenvold

LEIER DEBATTEN: Ingerid Stenvold leier debatten i Flåm torsdag.

Foto: Julia Marie Naglestad/NRK

– Både reiseliv og landbruk har vore tema som det har vore mykje fokus på siste året. I landbruks- og matdebatten vil vi mellom anna ta opp om kjøtforbruket må ned, og om norske bønder har føresetnadene for å endre produksjonen sin, fortel Heggen.

– Innanfor reiseliv vil det handle om noko av det same. Med cruiseskipa som kjem og CO₂-utslepp dei står for – kan ein halde fram med at turistar kjem langvegs frå for å sjå norske fjordar – eller må ein drive annleis i framtida?

Lokale politikarar og rikspolitikarar

Under debatten vil både lokale politikarar og rikspolitikarar vere representerte.

Tone Rønning Vike som driv gardshotell i Aurland, møter Høgre-ordførar Noralv Distad til duell om kva som er berekraftig reiseliv.

I år kjem 270 000 cruiseturistar til Flåm. Men cruisebåtane som strøymer inn norske fjordar set store og tydelege klimaavtrykk. Er det på tide å seie stopp?
Det blir debatt med Linda Hofstad Helleland (H) frå næringskomitéen, Alfred Bjørlo (V) ordførar i Eid kommune, Arild Hermstad (MDG) og stortingsrepresentant Cecilie Myrseth (Ap).

Vi tek òg debatten om norske bønder må innstille seg på eit landbruk utan kjøtproduksjon.
Turid Vange driv med kjøt- og mjølkeproduksjon i Vik, og blir med i sendinga. Er det plass til bønder som ho i framtida?
Det blir duell mellom Marit Arnstad (Sp) og Arild Hermstad (MDG).

Håpar på folkefest

Også før debatten startar, skal det skje mykje i Flåm. Eventansvarleg ved NRK Marienlyst. Susanna Alicia Taylor, seier dei håpar arrangementet skal bli ein folkefest.

– Når det er lokalval er det viktig å setje fokus på lokaldemokratiet og det lokalsamfunnet vi kjem til, og gi noko tilbake til det- Eg trur det kan bidra skape engasjement rundt politikk, også for dei som eigentleg tenkjer at det ikkje er for dei, seier Taylor.

Taylor fortel at dei i tråd med temaa i debatten også har invitert lokale matprodusentar,

Gunn Marit Kvåle frå Sogndal og Erik Songnes frå Lærdal og elevar frå Aurland kulturskule står alle på scena.

Ettermiddagssending for NRK Sogn og Fjordane

Også ettermiddagssendinga frå NRK Sogn og Fjordane vil gå frå Flåm denne torsdagen, med Stian Sjursen Takle og Tone Lin Støfring Skovro som programleiarar.

– Så eg trur det kan bli god stemning og mykje som skjer. Absolutt alle som vil, barn og vaksne, er velkomne, seier Taylor.