Hopp til innhold

NRK-ekspert: – Olsen kan bli joker i opprykkskampen

Trond Olsen sin fart og gode venstrefot kan bli utslagsgjevande for Sogndal i haust. Det trur både NRK sin fotballekspert og supporterleiaren i Sogndal.

Trond Olsen

FORNUFTIG: Alderen står ikkje til hinder for kvalitetane og erfaringa til Trond Olsen, meiner både leiar i Saftkokaradn Vidar Vadseth og NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

I dag vart kjend at Bodø/Glimt si klubblegende blir å finne i Sogndal Fotball til og med neste sesong.

– Det er eit tydeleg signal om at Sogndal vil rykke opp. Eg trur Olsen blir ei viktig signering utover ein spennande haust, seier Carl-Erik Torp, NRK sin fotballekspert.

– Ei fornuftig signering

Carl-Erik Torp

FORNUFTIG: Carl-Erik Torp trur det er fornuftig av Sogndal å hente inn ein spelar av Trond Olsen sitt kaliber.

Foto: Julia Marie Naglestad

Den tidlegare Brann-spelaren forstår godt at sportsleg leiar Håvard Flo er nøgd med å ha henta lynvingen til Fosshaugane. 34-åringen har sidan debuten i 2001 herja i eliteserien både med Bodø/Glimt, Rosenborg, Lillestrøm og Viking.

For eit Sogndal-lag på opprykksjakt, kan han bli tunga på vektskåla.

– Det er ikkje noko spennande signering for framtida, men eg trur det er ei fornuftig signering akkurat no. Når han er god, så er han ein spelar som kan gjere veldig mykje sjølv og kan score litt mål, seier han.

Supporterleiaren jublar

Eirik Bakke og Vidar Vadseth

OVERRASKA: Saftkokarleiar Vidar Vadseth (t.h.) er både glad og overraska over at Trond Olsen valde Eirik Bakke og Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det synet deler også Vidar Vadseth, leiar for Saftkokaradn. Han overraska over at Sogndal har sikra seg kvalitetane til Olsen.

– Vi spelar jo i Obosligaen, og Trond Olsen er heilt klart eliteseriemateriale. Eg trur han ville spelt fast på to-tredelar av laga i Eliteserien. Det er kjempebra at Sogndal får inn ein slik type, seier han og held fram:

– Sjølv om han er 34 år, så har han mykje fotball i seg den karen. Ikkje har han mista spesielt mykje fart. Det er veldig spennande, seier han.

– Kva kvalitetar får Sogndal, som du saknar?

– Sogndal får både fart, rutine og ein kreativitet den siste tredelen som eg føler har mangla litt. Han er ganske uføreseieleg, og ein heilt annan type enn dei allereie har.

Kan bli tunga på vektskåla

Håvard Flo og Trond Olsen

SIGNERTE: Håvard Flo og leiinga i Sogndal har hatt ein hektisk dag på Fosshaugane. Overgangsfristen går ut ved midnatt og i ettermiddag presenterte dei Trond Olsen som ny spelar.

Foto: Sogndal Fotball

Etter nedrykket frå Eliteserien i fjor, er Sogndal førebels på 4.-plass i 1. divisjon. Avstanden til serieleiar Aalesund er seks poeng, medan Mjøndalen og Viking har høvesvis to og eitt poeng meir enn Sogndal.

Leiaren for Saftkokaradn trur Olsen kan bli ein joker utover hausten.

– Å få inn ein slik spelar no på hausten kan kanskje bety fem-seks-sju poeng i favør av Sogndal. Det kan bli tunga på vektskåla, seier han.

Sett han opp

Torp, som sjølv la opp for sju år sidan, har spelt fleire gonger mot lynvingen.

Han kjenner seg trygg på at erfaringane og personen Olsen vil komme Sogndal til gode utover ein tøff haustsesong.

– Får Sogndal rom å kontre i, og Olsen plass til å springe og komme ein mot ein, så er han farleg. Han kan fort dra seg inn å skyte, men også slå gode innlegg. Venstrefoten hans er farleg, avsluttar han.