Ei arbeidsgruppe skal no sjå på om det er mogeleg å flytte skjere- og pakkeavdelingane ved fire anlegg, og samle dei ved dei to største slakteria.
Dette gjeld skjering av storfe ved anlegga på Bjerka i Nordland, Gol i Hallingdal, Førde i Sunnfjord og Egersund i Rogaland.
– Dei økonomiske resultata til Nortura er ikkje tilfredsstillande, og vi må investere i ny teknologi og nytt utstyr for å bli meir effektive. Vi har difor behov å samle større volum på færre stader, skriv konserndirektør for produksjon, Lisbeth Svendsen, i ei eigarmelding.
BER OM UTGREIING: Konserndirektør Lisbeth Svendsen vil ha utgreia ei samling av skjering og pakking i konsernet.
Foto: Christian Monsen-Nygaard / NRK– Konkurrentane er meir effektive
Ho syner til at konkurrentane driv meir effektivt med større anlegg.
– Når konkurrentane sine skjæreavdelingar på storfe er tre gonger så store som Nortura si største avdeling, blir det vanskeleg å konkurrere på effektivitet og pris. Over tid har dette svekka konkurransekrafta til Nortura, held Svendsen fram.
Svendsen vil i staden samla skjeringa og pakkinga i Malvik utanfor Trondheim og på Rudshøgda nord for Hamar.
Forklaringa er at desse anlegga er dei største i konsernet, og difor brukar mest storfe i produksjonen av ulike produkt som biff og burgarar.
– Dei to fabrikkane er og dei anlegga som har best mogelegheiter for utviding innanfor alle prosessar, skriv Svendsen.
Rapporten som arbeidsgruppa skal lage skal vere ferdig i løpet av mai 2020. Det er ikkje planar om å gjere endringar ved anlegget i Målselv i Troms på grunn av store geografiske avstandar.
I Førde kan 15 årsverk forsvinne
Kor mange tilsette som kan vere berørte av ei eventull omlegging av drifta er ikkje klart.
– Det skal utgreiingane vise. Vi kjem tilbake med det når utgreiinga er ferdig, skriv Svendsen i ein SMS til NRK.
Ved avdelinga i Førde i Sunnfjord sysselset Nortura 130 årsverk. 15 av desse er knytte til den aktiviteten som no kan verte flytta til Trøndelag og Innlandet.
Ved anlegget på Bjerka i Nordland er 17 årsverk sysselsette med skjering og pakking.
– Det er viktig for konkurransekrafta til Nortura og eigarane at vi klarer å oppretthalde konkurransekraft. Men som fabrikksjef i Førde håpar eg sjølvsagt at utgreiinga syner at det er rett for Nortura å halde fram med den aktiviteten vi har i Førde, seier fabrikksjef Eivind Fonn.
HÅPAR: Fabrikksjef ved Nortura i Førde, Eivind Fonn, risikerer å miste 15 årsverk om det vert slik konsernleiinga ser for seg.
Foto: EMILY LOUISA MILLAN EIDE / NRK