Nortura kuttar i talet på tilsette

Nortura skal kvitte seg med 300 tilsette for å kutte kostnader. I Sogn og Fjordane har selskapet kring 250 tilsette ved anlegga i Førde og Sogndal. Det førebels uvisst om desse avdelingane vert råka. Konsernsjef Arne Kristian Kolberg seier til Dagens Næringsliv at innteninga i selskapet ikkje svarar til ambisjonane deira.

Nortura sitt anlegg i Førde.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK