Hopp til innhold

NorSun permitterer nye 40 tilsette

Fredag vart 40 personar ved solcellefabrikken NorSun permitterte. Dermed er nærmare 90 tilsette ved bedrifta i Årdal permitterte. – Ikkje kjekt, seier hovudtillitsvald, Hilde Larsen.

Norsun Årdal

Solcellefabrikken Norsun permitterer nok ein gong. Dermed er nær 90 utan jobb.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tidleg i september fekk alle dei 233 tilsette ved solcelle-energiselskapet varsel om permittering. Årsaka var vanskar med å få godkjenning av eit nytt produkt, og svak etterspurnad.

– Fredag fekk 40 tilsette den endelege beskjeden om permittering, seier hovudtillitsvald i NorSun, Hilde Larsen. Dermed er nærmare 90 personar i Årdal permitterte.

Larsen fortel at dei tilsette forstår at bedrifta må kutte og spare pengar for å stå betre rusta for konkurranse.

– Folk veit permitteringane kjem, så dei er jo budde. Men det er jo ikkje kjekt. Så det er litt frustrasjon, seier ho.

Bedrifta har hatt ei tøft økonomisk år, og bedrifta har varsla at også neste år kan bli utfordrande.

Larsen seier dei tilsette ikkje har anna val enn å tole permitteringsvarselet.

– Vi har jo tru på dette. Det er marknaden som er ustabil, det er ikkje noko gale med produktet eller jobben vi gjer, seier ho.