Hopp til innhold

Israelsk krigføring gjev stor etterspørsel etter norske poteter

Importen av israelske poteter har gått ned med 75 prosent. Til gjengjeld aukar etterspørselen etter norske poteter.

Poteter i Lærdal

TIDLEG START: Anders Voll Eltun i Lærdal har hatt ein rekordtidleg start på potetsesongen. Det er stor etterspurnad etter norske poteter i marknaden.

Foto: Jan Christian Jerving

Potetene er allereie på veg opp av bakken i heile landet, i det som ligg an til å bli ein rekordtidleg sesong.

Før klokka ni har Anders Voll Eltun i Lærdal teke opp tre tonn poteter.

Dette er eit av årets høgdepunkt: ferske poteter.

Tidleg potetsesong i Lærdal

Tysdag hausta Eltun tre tonn poteter før klokka ni.

Foto: Jan Christian Jerving

Dei norske potetene er ekstra kjærkomne i år. Israel si krigføring i Gaza har gjort potetsituasjonen krevjande.

I tillegg var det ein dårleg potethaust i 2023.

Tal frå Landbruksdirektoratet viser at importen av poteter frå Israel har gått ned frå 3119 tonn til 831 tonn så langt i 2024.

Les også – Potetene er jo der for å smake godt, ikkje for at du skal sette dei på peishylla

Merkelig potet

Allereie i april gjekk både Bama og Coop tomme for norske poteter. Det er to månader tidlegare enn det som er vanleg.

Kuttar importen av poteter frå Israel

I 2023 var Israel det største importlandet for poteter til Noreg.

I år har Bama redusert importen sin frå landet, og Coop har heilt kutta ut israelske poteter.

Totalt har det blitt importert 2288 tonn færre poteter frå Israel i år samanlikna med i fjor.

Bama har førebudd seg på lågare etterspurnad etter poteter frå Israel, men å importere poteter frå andre land har heller ikkje vore enkelt.

Pia Gulbrandsen, Bama

– Det har vore klima- og vêrutfordringar i heile Europa, så det har generelt vore vanskeleg å få tak i nok poteter, seier kommunikasjonssjef Pia Gulbrandsen i Bama.

Foto: Knut Aaserud / Bama

Også kommunikasjonsrådgivar Simen Kjønnås Thorsen i Coop er glad for at dei norske potetene har kome i butikkane.

Tidlegare i år bestemte Coop seg for å droppe poteter frå Israel – av kommersielle omsyn.

Også dei har opplevd det vanskeleg å få tak i utanlandske poteter.

Vêrutfordringar i både i Italia og Spania gav ein gav sein oppstart og tidvis varierande tilgang på poteter.

Les også Coop dropper poteter fra Israel

Harald Kristiansen, som er kommunikasjonssjef i Coop Norge. Han har kort hår, briller og en rød hettejakke med Coop Extra-logo på.

Mista 9000 tonn med poteter

Ekstremvêret «Hans» gjorde at det kom færre norske poteter på marknaden i 2023.

Uvêret råka særleg Innlandet hardt i fjor og øydela store deler av potetavlinga.

I fjor haust låg det nesten 50.000 færre poteter på lager enn i 2022, ifølge tal frå Landbruksdirektoratet.

Allereie i januar varsla direktoratet mangel på norske poteter.

Kommunikasjonssjef Pia Gulbrandsen i Bama seier at det har vore ein krevjande vår.

– I fjor mista vi 9000 tonn norske poteter til tørke, regn og flaum. Det er poteter som normalt kunne vore selde fram til på denne tida.

Les også Mange vil sette sine egne poteter: – Gått tom i butikkene

Dina Fonn Sætre med potet

Håper dei klarer å levere nok

Ein av dei store potetkommunane i landet, Lærdal, merkar den auka etterspurnaden godt.

Helga Therese Sjøtun i Sogn Frukt og Grønt håper dei klarer å levere nok poteter for å dekke etterspurnaden.

– Sidan førespurnaden er så stor, er eg redd vi har litt lite poteter i periodar, seier ho.

Tidlegpoteter i Lærdal

Potetbonde Eltun meiner at dei kan produsere meir poteter i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Potetbonde Voll i Lærdal skulle gjerne ha produsert meir poteter, og hatt ei større kvote.

– Eg tenker at Noreg skulle klart å ordne nok poteter sjølv. Det er ikkje viljen det står på.