Hopp til innhold

Norske ordførarar med felles valløfte: Seier nei til hets og trakassering

Alle landets ordførarar har gitt eit felles valløfte om å oppføre seg anstendig i valkampen.

Maurstad

GLAD FOR INITIATIVET: Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) har sjølv opplevd hets. Ho er glad for initiativet frå KS.

Foto: FREDRIK HELLAND / NRK

KS har teke initiativet til valløftet, som i dag blei overrekt stortingspresidenten.

Ved å skrive under «valløftet 2019» lovar ordførarane å oppføre seg ordentleg i valkampen før kommune- og fylkestingsvalet i haust. Løftet inneber å seie nei til hets, mobbing, trakassering, skjellsord og personangrep, og ja til saklege debattar.

Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) har sjølv opplevd hets og trakassering. Ho er glad for initiativet frå KS.

– Vi som politikarar har eit har spesielt ansvar. Særleg med tanke på det vi har høyrt om at ungdomspolitikarar er særleg utsett. Vi har ikkje råd til å miste ungdomspolitikarar fordi dei ikkje tør, seier Maurstad.

Trur på eksempelets makt

KS har nyleg utført det dei hevdar er den første nasjonale undersøkinga som forsøkjer å kartleggje kor stort problem dette eigentleg er. Her seier 40 prosent av norske folkevalde seier at dei har opplevd hatefulle ytringar eller konkrete trugslar.

Undersøkinga viser også at ein stor del av politikarane som har opplevd hets eller trugslar har vurdert å gje seg i politikken på grunn av desse opplevingane.

Det nye valløftet skal setje ein ny standard, håpar KS.

– Vi trur på eksempelets makt. Viss politikarar hetsar, mobbar og driv med harde personangrep, kan alle andre gjere det også, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen til NRK.

Skal oppføre seg

Eit hardare debattklima gjer valløftet nødvendig, meiner Helgesen.

– Det gjer at mange trekkjer seg frå politisk arbeid. Slik kan vi ikkje ha det, seier Helgesen.

– Vi må vere gode rollemodellar. Vi må ein sakleg debatt. Vi kan vere ueinige og ha engasjement, men må oppføre oss som folk.

Gunn Marit Helgesen

SKAL VERE ROLLEMODELLAR: KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen meiner det er viktig at politikarane er gode føredøme i samfunnsdebatten.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Helgesen trur ikkje valløftet er ein illusjon.

– Eg trur det fint går an å ha engasjement og diskutere politiske saker, og likevel opptre med verdigheit og respekt for kvarandre. Såpass hårete mål må vi ha viss skal rekruttere folk til politisk arbeid.

– Forskjellane skal kome til syne

– Kan eit slikt løfte legge ein dempar på ein politisk debatt der forskjellane bør kome til syne så ein ser kva alternativ ein kan stemme på?

– Forskjellane skal kome til syne, det ønskjer politikarane òg, seier Kristin Maurstad.

– Vi skal tole debatt, og tole å få skjenn for politiske vedtak om folk er ueinige med oss. Men ingen politikarar skal tole hets og trugslar. Ikkje minst har politikarar familiar som slett ikkje skal tole det, legg Maurstad til.