Hopp til innhold

Norske myndigheiter har aldri før opplevd ei sak som John Erik si

Familien leitte i 32 år før dei fann den bortførte guten frå Colombia, adoptert til Noreg. Saka overraskar norske adopsjonsmyndigheiter, som aldri trur noko slikt kunne skjedd i dag.

Brørne Juan Jimenez og John Erik Aarsheim står i ei gate i Bergen og smilar og held rundt kvarandre

UTRULEG HISTORIE: Her har John Erik Aarsheim (til høgre) akkurat møtt broren sin Juan Jimenez igjen for første gong. For 32 år sidan vart han bortført frå familien i Colombia og adoptert til Noreg.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Laurdag fortalde NRK historia om norske John Erik Aarsheim. Før jul fann han ut at han hadde blitt kidnappa frå sin biologiske familie i Colombia.

32 år seinare vart han ført saman igjen med familien, etter at dei to brørne fann kvarandre igjen i Bergen.

Kvifor Aarsheim vart kidnappa som toåring, er det ingen som veit heilt sikkert. Fordi papira blei forfalska, var det heller ingen som fanga opp at han ikkje var adoptert vekk frivillig.

Han fekk eit nytt liv i ei bygd på Vestlandet.

– Vi var hos dommarfullmektig og alle papira var i orden. Det verka som at alt var slik det skulle vere, fortel mor Karen Aarsheim til NRK.

Kan ha skjedd med fleire

Verken Adopsjonsforum eller Barne, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) har høyrt om ei slik sak før.

Dei kan ikkje utelukka at det finst fleire tilfelle av adopterte i Noreg som kan ha vore utsett for kidnappingar.

Bufdir meiner likevel reglane for utanlandsadopsjon i Noreg og Europa er gode.

– Vi har ikkje høyrt om fleire historier som dette, seier avdelingsdirektør Kristin Ugstad Steinrem.

Kidnappet Stillbilde - begge guttene - fra privat samling

SAMAN: Bildet viser John Erik Aarsheim og broren Juan saman i Colombia før veslebroren vart kidnappa og seinare adoptert til Noreg.

Ho meiner det alltid har vore strenge reglar for utanlandsadopsjon, men at dei var mindre strenge på 80-talet.

– Noko av bakgrunnen for Haag-konvensjonen frå 1993 var behovet for eit felles, internasjonalt regelverk for å unngå menneskehandel. Det var eit klart formål med konvensjonen.

Foreldra: – Alt var i orden

Saka til John Erik har blitt lest av fleire hundre tusen denne helga, og har skapt enormt engasjement på sosiale medium.

Aarsheim vaks opp på Stadlandet og fekk ein trygg og god barndom hjå sin nye familie i Noreg.

Dei norske foreldra som henta Aarsheim på barneheimen i Colombia, fortel at det ikkje var noko som tyda på at sonen hadde blitt bortført frå sin biologiske familie.

Etter at dei hadde henta sonen på barneheimen, drog dei vidare til det norske konsulatet for å ordne eit nytt pass.

– Det var ingen problem og gjekk gjennom med ein gong, seier Gunnar Aarsheim.

Dei to seier dei meiner det er naturleg at sonen undersøker sitt biologiske opphav.

– Vi har no snakka med familien hans, og dei er hyggelege menneske. Dette er jo litt spanande og for oss.

Karen Aarsheim og ektemannen.

MOR OG FAR: Karen Aarsheim og Gunnar Aarsheim heime på Stad.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ikkje grunn til uro

Clara Zamudio er jurist i Adopsjonsforum, Noregs største formidlar av adopsjonar.

Ho meiner prosedyrane for utanlandsadopsjon i Colombia både er og var solide på 80-talet.

På generelt grunnlag seier ho det ikkje er nokon grunn til å vere uroa for at barn som kjem til Noreg, burde vore att hos familien i opphavslandet.

– Alle moglegheiter blir undersøkt før eit barn blir adoptert til Noreg. Slik var det òg i 1988, seier Zamudio.

Borgarkrig og forfalsking

Ho legg til at eit land i borgarkrig kan oppleve bortføringar og forfalskingar.

– Men vi har ikkje visst om slike saker frå Colombia. Vi er heilt sikre på at landet har solide prosedyrar og at alle mogelegheiter er undersøkt før eit barn vert adoptert ut av landet.

Ifølge avdelingsdirektøren i Bufdir har reglane for utanlandsadopsjon blitt mykje strengare enn dei var for 30 år sidan.

– På 80-talet var det heilt andre adopsjonstal enn det vi har nå. Det var snakk om eit stort tal barn, ofte spedbarn. Det har vore ein kraftig reduksjon i adopsjonar, både til Noreg og internasjonalt, seier Stenrem.

Les heile historia: John Erik vart kidnappa frå familien sin og adoptert til Noreg

John Erik Aarsheim og broren Juan Jimenez smiler mens de ser inn i en telefon og tar selfie.

GJENFOREINTE: Etter å ha vore på leit etter veslebroren i 32 år, fekk Juan treffe broren sin igjen i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK