Hopp til innhold

Meiner norske kystlyngheier er ei klimabombe: – Ekstrem tørke kan gi store karbonutslepp

Gjengrodde lyngheier langs norskekysten inneheld nesten like mykje karbon som heile Noregs årlege klimagassutslepp. Med varmare klima kan mykje av dette lekke ut i atmosfæren.

Siri Vatsø Haugum ved Lyngheisenteret forskar på korleis klimaendring med meir tørke påvirkar kystlynghei og gir meir klimagassutslepp frå lyngheia.

FRYKTAR EKSTREM-TØRKE: Siri Vatsø Haugum ved Lyngheisenteret på Lygra fryktar gigantisk utslepp av karbondioksid om det blir ekstrem-tørke i Noreg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Det ligg eit kjempestort karbonlager i kystlyngheiene, bygd opp sidan siste istid, seier Siri Vatsø Haugum, fagansvarleg ved det nasjonale Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland.

Heilt nord på halvøya der Lyngheisenteret ligg, står det ei gruppe «bur» av tre med plasttak som dekker meir eller mindre av lyngen under.

Nokre av «bura» er utan tak. Andre har tak som dekker 60 eller 90 prosent. Dermed får lyngen og jordsmonnet mindre regnvatn, altså kunstig tørke.

Lagar kunstig klimaendring

– Her har vi laga kunstig klimaendring for lyngen og jordsmonnet. Målet er å sjå verknaden av meir ekstremvêr, med kraftigare og oftare tørke, seier Haugum, som no tar doktorgrad på korleis kystlyngheier toler klimaendring.

I hundrevis av år har enorme mengder karbondioksid (CO₂) lege stabilt bunde i jorda i kystlyngheiene. Den reknast som den viktigaste klimagassen og er den som bidreg mest til menneskeskapte klimaendringar.

Men som følge av nettopp klimaendringane kan den lagra gassen bli frigitt til lufta og forsterke klimaendringane.

– Forsøka viser at tørke fører til at kystlynghei som er attgrodd og dårleg skjøtta byrjar å gi frå seg karbondioksid. Karbonlageret byrjar å lekke, og ein får netto utslepp av karbon, seier Haugum.

Siri Vatsø Haugum, forskar ved Lyngheisenteret

SIMULERER TØRKE: Desse overbygga gjer at forskarane på Lyngheisenteret kan simulere tørke og konsekvensane av klimaendringar, sjølv i søkkvåt vestlandsnatur.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tørke gir CO₂-utslepp

Tradisjonelt blei kystlyngheiene skjøtta og brukt som viktig beite. Gjennom regelmessig og kontrollert lyngbrenning sørga bøndene for at sau og kyr kunne beita friskt gras om sommaren og ung lyng om vinteren.

Men dei siste femti åra er lite av denne lyngheia blitt skjøtta på denne måten. Det meste er blitt eit attgrodd buskas av gammal lyng og småskog.

Slike uskjøtta kystlyngheier har seinast i sommar vist seg å vere uregjerlege brannbomber når det oppstår utmarksbrann, som på Sotra i år og Frøya og Flatanger i 2014.

I framtida kan kystlyngheia også vise seg å vere ei klimabombe.

Siri Vatsø Haugum ved Lyngheisenteret forskar på korleis klimaendring med meir tørke påvirkar kystlynghei og gir meir klimagassutslepp frå lyngheia.

DÅRLEG SKJØTTA: Det meste av dei svære områda med kystlynghei i Noreg som før var beiteområde, har di siste tiåra har grodd igjen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

37,4 millionar tonn CO₂

Noreg har 680 kvadratkilometer med kystlynghei. Karbonlagra der svarar til 37,4 millionar tonn CO₂. Til samanlikning er det årlege totale utsleppet av karbondioksid i Noreg rundt 50 millionar tonn.

I studien sin på Lygra har Haugum sett at ung og godt skjøtta lynghei nesten ikkje blir påverka sjølv om den står under eit plasttak som dekker 90 prosent.

Lynghei som ikkje blir halden i hevd, toler tørke mykje dårlegare.

– Kystlyngheia vil nok tole eit ekstremvêr med oftare og kraftigare regn og vind ganske bra. Norsk natur taklar regn godt. Kraftig tørke er verre, seier Haugum.

Og dette vil kunne få store og viktige følger for utslepp av klimagassar frå jordsmonnet.

Siri Vatsø Haugum, forskar ved Lyngheisenteret

ROPAR VARSKU: Siri Vatsø Haugum på Lyngheisenteret meiner beite og kontrollert brenning av gammal lynghei kan hjelpa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Taklar dårleg ekstrem-tørke

– I studien har vi manipulert inn dei mest ekstreme klimaendringane i dette landskapet. Men der lyngheia er godt skjøtta med beite og regelmessig, kontrollert lyngbrenning, toler økosystemet tørke veldig fint. Karbonlagera blir liggande stabile og jordsmonnet tar til seg klimagassar som før, sjølv om det blir ekstremvêr.

Attgrodd lynghei forsterkar derimot klimaproblemet.

– Når vi gjer akkurat det same i ei attgrodd lynghei, går det skikkeleg dårleg der det er plasttak. Plantane veks dårlegare og karbonlageret byrjar å lekke. Det blir eit netto utslepp av karbon når vi får eit ekstremvêr på toppen av dårleg skjøtsel av lyngheia, seier Haugum.

– Alle tapar

Problemet er at det meste av dei svære områda med kystlynghei i Noreg som før var beiteområde, dei siste tiåra har grodd igjen.

I aukande grad bidrar dette landskapet derfor til klimagassutslepp og varmare klima.

– Alle tapar på at lyngheia er i dårleg hevd, seier Haugum.