Hopp til innhold

Norske forskarar jaktar på bakterien som sjukehus over heile verda fryktar

TROMSØ/BERGEN (NRK): Både Verdas helseorganisasjon og EU har ropa varsku om den resistente tarmbakterien. No leitar forskarar i Noreg etter måtar å stoppe den på.

Arnfinn Sundsfjord, Professor
Institutt for medisinsk biologi Universitetet i Tromsø, med klebsiella.

FORSKAR: Arnfinn Sundsfjord er professor i medisinsk mikrobiologi ved UiT og UNN og leier jakta på korleis sjukehusa kan kjempe mot klebsiella-bakterien.

Foto: Brita Garden / NRK

Den er liten, men skaper store problem på norske sjukehus.

Klebsiella pneumonia trivst i sjukehusmiljøet, og kan vere farleg for sårbare pasientar.

I 2016 døydde eit tre veker gamalt spedbarn på Rikshospitalet etter å ha blitt smitta av tarmbakterien på Universitetssykehuset i Stavanger.

Også fleire andre norske sjukehus har hatt utbrot av den antibiotikaresistente bakterien.

Klebsiella reagerer stadig oftare ikkje på forskjellige typar antibiotika. Det gjer den ekstra farleg. Nå skjerpar både sjukehus og forskarar kampen mot klebsiella, med støtte frå Trond Mohn-stiftinga.

Bioingeniør Ellen Josefsen undersøker prøver av klebsiella-bakterien på labiratoriet ved UiT

PRØVER: – Dei er feite og glinsande, seier bioingienør Ellen Josefsen på laboratoriet ved UiT, og pirkar nedi glaset med klebsiella-bakteriane. Lukta er søtleg og litt kvalmande.

Foto: Brita Garden / NRK

Alvorlege infeksjonar

Ved Universitetssykehuset i Tromsø (UNN) leitar forskarar etter svar på kvifor nokon blir alvorleg sjuke av tarmbakterien, og korleis dei blir smitta.

– Klebsiella trivst på sjukehus. Den er i stand til å overleve i miljøet på ein vask, den likar seg i sluk og er motstandsdyktig mot desinfeksjonsmiddel som såpe. Den får rett og slett eit fortrinn på sjukehus, seier professor Arnfinn Sundsfjord.

Han leier prosjektet som skal hjelpe sjukehus med å hindre at bakterien gjer skade. Forskarane skal finne ut kor pasientane får bakterien, korleis den spreier seg og prøve å finne måtar å overvinne bakterien på. Stavanger universitetssjukehus, Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet er også med i jakta på svar.

– Den finnast i tarmen hos nokre menneske, og også hos dyr, men vi veit ikkje kvifor nokon har den og andre ikkje, forklarar Sundsfjord.

Særleg pasientar på sjukehus som er ekstra sjuke og har lågt immunforsvar, som kreftpasientar er utsett. Difor er det så viktig å finne ein måte å stoppe bakterien på.

– For desse pasientane kan den føre til alvorlege infeksjonar som blodforgifting.

Klebsiella i eit dyrkingsglas ved Universitetet i Tromsø.

KLEBSIELLA: På laboratoriet ved UiT testar dei kva typar antibiotika som verker på bakterien.

Foto: Brita Garden / NRK

Store utbrot i fleire land

Utanfor sjukehus skaper bakterien sjeldan problem. Men sjukehus i store delar av verda opplever jamleg utbrot av bakterien. Sidan den ofte er resistent mot antibiotika, kan liv gå tapt.

I november 2018 starta eit utbrot av bakterien ved sjukehus i Italia. 350 menneske ved sju ulike sjukehus blei smitta i løpet av eit halvt år. Varianten var motstandsdyktig mot dei fleste typane antibiotika. EU vurderte krisetiltak, fordi bakterien spreier seg raskt til andre land. Folkehelseinstituttet har bedt folk vere forsiktig med hygienen når dei reiser i land sør og aust i Europa.

Torni Myrbakk, smittevernlege ved UNN.

SMITTE: Smittevernoverlege Torni Myrbakk ved UNN kjempar for å hindre spreiing av tarmbakterien på sjukehuset, men har stadig pasientar med klebsiella.

Foto: Brita Garden / NRK

Universitetssjukehuset i Tromsø opplevde sjølv eit omfattande utbrot som starta hausten 2013, med ein multiresistent variant av bakterien. Over 70 pasientar blei ramma. Men dei fann aldri ei felles smittekjelde.

– Dei siste år har vi stadig fått beskjed frå klinikkar der pasientar har fått påvist resistent klebsiella. Ofte gjeld det pasientar med urinvegsinfeksjonar, seier smittevernvenlege ved UNN Torni Myrbakk.

Dei prøver å hindre at andre pasientar skal bli smitta. Isolerer pasientar når dei må, og er nøye med hygienen. Men det har skjedd dødsfall på sjukehuset fordi ein ikkje har klart å behandle pasientar med den resistente bakterien.

For å stoppe den treng dei meir kunnskap.

Trond Mohn på Haukeland universitetssjukehus i samband med at Trond Mohn stiftelsen feira 15 år.

GÅVE: Trond Mohn og stiftinga ved same namn, har vald ut antibiotikaresistens som eit satsingsområde.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

På verstingliste

Verdas helseorganisasjon har plassert klebsiella som nummer tre på lista over bakterietypar som trugar helsa i verda, og som ein treng nye antibiotika for å overvinne.

Prosjektet i Tromsø er eit av fire prosjekt i Bergen, Trondheim, Oslo og Tromsø, som saman med internasjonale forskingsmiljø, intensiverer krigen mot antibiotikaresistens.

Trond Mohn-stiftinga i Bergen har gitt 80 millionar kroner til forskingsprogrammet som går over fire år.

– Det er skyer på himmelen vi ikkje kan ignorere. Det er viktig at nokon tar tak i dette. Med dette internasjonale samarbeidet, trur vi at vi er på rett veg, sa Trond Mohn til NRK då stiftinga nyleg feira 15 år.