Hopp til innhold

Norske Bouna (25) blir kontakta av basket-agentar kvar dag

Bouna Black Ndiaye er fritt vilt etter å ha avslutta collegekarrieren i USA med rekordhøge poengsummar. 40 agentar har ynskt å signera han, men no har Ndiaye bestemt seg.

Bouna Black Ndiaye

VESLEBROR: 25-åringen frå Bergen er veslebror til ein av dei beste norske spelarane i i Basketligaen nokosinne, Calix Black Ndiyae. No får Bouna meldingar frå agentar kvar dag.

Foto: NNU Athletics

Etter å ha avslutta sesongen for Northwest Nazarene University (NNU) med kampar der han innkasserte over 30 målpoeng, har både amerikanske og europeiske agentar meldt si interesse for norske Bouna Black Ndiaye.

– Eg får meldingar frå agentar kvar dag. Eg er ikkje den mest merksemdssjuke, men det er gøy å sjå at det har lønna seg å spele basket, seier han.

Han er bror av ein av dei beste norske spelarane i Basketligaen nokon sinne, Calix Black Ndiyae. Han reiste også til USA, men etter fire operasjonar i kneet, valte han å legga opp i ein alder av 26 år, trass tilbod om spel i den italienske ligaen.

No er veslebror Bouna 25 år og innehavar av ein av dei heitaste signaturane i amerikansk collegebasket. Frå nivå to i ligasystemet, har han gjort seg kjend blant dei som er nøkkelen til ei proffkarriere.

– Det over 40 agentar som ynskjer å signera han. Dei kjem frå heile Europa og mange stader i USA. Fleire klubbar har også teke direkte kontakt. Det er ekstremt, seier bror hans.

Attraktiv i Europa

Med norsk pass har Bouna Black Ndiaye blitt svært attraktiv for dei europeiske toppagentane. Ligaane på kontinentet har ei maksgrense på kor mange spelarar dei kan henta frå utanfor EØS-området.

Valet fall på den franske agenten Ahmadou Keita.

Bouna Black Ndiaye

FRANSK AGENT: Valet til Bouna Black Ndiaye fall på den franske agenten Ahmadou Keita.

Foto: NNU Athletics

– Eg vil spele i Europa. Frankrike eller Spania. Difor, og fordi Keita har eit lite agentfirma som ikkje har hundrevis av spelarar dei representerer, valde eg han, seier Ndiaye.

Storebroren meiner det er eit godt val å sikta seg inn på Europa.

– Det er nok av gode amerikanarar, men dei får ikkje førespurnader frå agentar i Europa på same måte. Det er i Europa han vil ha mest verdi, som Bosman-spelar og med norsk pass, seier han.

Fekk hjelp av tidlegare NBA-proff

I jungelen av agentar og tilbod har Ndiaye fått hjelp til å navigera av Torgeir Bryn, mangeårig proffspelar i Europa og Noregs hittil einaste NBA-proff.

For Bouna sin del blir draumen om NBA eit sjansespel han truleg vil unngå.

– Trenaren i NNU meiner han kan nå gjennom nålauga i farmarligaen til NBA. Men uttaket er først i august og serien startar i oktober. Viss han ikkje når gjennom, risikerer han at andre interesserte klubbar har valt sine stallar. Då er mange tog gått, seier den tidlegare landslagskapteinen for Noreg.

– Før var draumen å spela i NBA, men no drøymer eg om å leva godt på å spela basketball, seier Bouna Black Ndiaye.