Hopp til innhold

Staten vil betale nordmenn dobbelt for å plukke bær

INNVIK (NRK): Ny stimuleringspakke gjer at norske bærplukkarar kan få lønn og trygd på same tid. – Diskriminering på det verste, seier Fellesforbundet.

Bærbonde Eystein Reme t.v. Den polske bærplukkaren Mateusz Sak Maziarz t.h.

FORSTÅR: Bærbonde Eystein Reme t.v. forstår at den polske bærplukkaren Mateusz Sak Maziarz reagerer på den nye ordninga.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er urettferdig at nordmenn skal få betre betalt når vi gjer den same jobben, seier den polske bærplukkaren Mateusz Sak Maziarz.

Saman med Marcin Slezack plukkar han bringebær i Innvik i Stryn. Dei synest den nye stimuleringspakken frå staten, som skal gjere det meir attraktivt for nordmenn å jobbe som bærplukkarar, gir urimelege utslag.

– Vi plukkar også mykje raskare fordi vi har jobba over mange sesongar. Det har ikkje nordmennene, seier Sak Maziarz.

– Ikkje bra med forskjellsbehandling

Reiserestriksjonar kombinert med lav kronekurs gjer at norske frukt- og bærbønder i år har problem med å tiltrekke seg sesongarbeidarar.

I april innførte regjeringa difor ei ordning der dagpengemottakarar som arbeider i landbruket berre treng å føre halvparten av timane på meldekortet – og slik behalde meir av dagpengane frå Nav. Til vanleg blir dagpengane avkorta mot eventuelle inntekter.

– Det er viktig for meg at dei som vil vere med å sikre matforsyninga skal tene økonomisk på det, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) på regjeringa sine nettsider.

Kan føre til misunning

– Klart det kan føre til misunning, seier Arnstein Berdal.

Han er bærbonde i Feios i Sogn, og har hyra inn polske plukkarar i meir enn 20 år.

I år har sesongarbeidarane vore vanskelegare å tiltrekke seg, og han trur ikkje det blir lettare no.

Arnstein Berdal i bæråkeren

FRYKTAR MISUNNING: Bærbonde Arnstein Berdal i Sogn fryktar at det blir misunning i bringebæråkeren når polakkane får vite at norske bærplukkarar får høgare utbetaling fordi dei blir sponsa av staten.

Foto: Privat

Han får følgje av Eystein Reme, som er bærbonde i Innvik.

– Denne type forskjellsbehandling er ikkje bra, seier han.

Han skjøner det godt om dei utanlandske arbeidarane synest det er «demotiverande» å få dårlegare betalt enn sidemannen.

– Det kjennest urettferdig for dei polske arbeidarane, som kanskje er betre til å jobbe og dessutan er meir erfarne.

– Diskriminering på det verste

Forbundsleiar Jørn Eggum i Fellesforbundet tek enda hardare i.

– Dette er diskriminering på det verste, seier han.

Han meiner den store veksten i arbeidsløysa i Noreg gjer at det bør vere mogleg å finne innanlands arbeidskraft.

– Men då burde dei som syter for den sjølvbergingsgraden vi alt har, bli sett pris på. På same måte som dei norske som no er permitterte, seier Eggum, og legg til at kronekursen gjer at polske arbeidarar i praksis går ned 20 prosent i inntekt.

Jørn Eggum

– DISKRIMINERING: Jørn Eggum i Fellesforbundet er ikkje begeistra for den nye ordninga, og meiner den diskriminerer dei utanlandske sesongarbeidarane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Skal ikkje tape på å jobbe der

Avdelingsdirektør i Nav Vestland, Frode Storvik, forsvarar ordninga og seier at ho allereie har freista fleire nordmenn ut i åkeren.

I likskap med landbruks- og matministeren peiker han på at tariffbetalinga i bærbransjen er vesentleg lågare enn det dei permitterte har i løn til vanleg.

– Norsk arbeidskraft som går over i bærbransjen skal ikkje tape på å jobbe der. Det vil dei gjere med den låge tariffløna når dei seier frå seg dagpengar frå ein elles godt betalt jobb.

Ordninga som skal gjere det «meir gunstig å kombinere dagpengar og sesongarbeid i landbruket» er midlertidig og gjeld dagpengemottakarar som arbeider i jordbruk, skogbruk og gartneri.

Avhengige av ei stabil gruppe

Attende i Sogn er Arnstein Berdal spent på korleis årets innhausting vil bli, og kjenner seg ikkje trygg på at stimuleringspakken er løysinga.

– Det finst mange flotte både ungdomar og vaksne som kan bidra i denne jobben, men vi set visse krav, seier han, og minner om at plukkeperioden er på mellom seks og åtte veker og at plukkarane då må binde seg for heile perioden.

– Vi er heilt avhengige av å ha ei stabil gruppe som plukkar, ikkje plukkarar som gir opp når været blir dårleg.

Eyvind og Anna Reme i bringebæråkeren

FAR OG DOTTER: Eyvind Reme (46) og dottera Anna Reme (16) har ikkje tru på å leie inn norsk ungdom for å plukke bær. Dei meiner dårleg løn er årsaka.

Foto: Bård Siem / NRK