Hopp til innhold

Norske arbeidsgjevarar er uroa for ukrainske arbeidstakarar

– Det er tungt. Tankane går ofte til Ruvim og familien hans, seier Anders Bergqvam. Han er langt ifrå den einaste arbeidsgjevaren som er uroa.

Anders Bergqvam

KREVJANDE: Anders Bergqvam er nær ven med familien Prokopenko frå Ukraina. Difor er det ei ekstra tungt tid for fruktbonden i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er ikkje den komande morellsesongen som bekymrar fruktbonden Anders Bergqvam mest.

Han er uroa for livet til sesongarbeidaren Ruvim Prokopenko, familien hans og resten av det ukrainske folket.

– Ruvim er garden sitt ansikt på utsida. Det er han som reiser på torgdagar, Bondens Marknad og matfestivalar.

For Lomelde Gard har foreldra til Prokopenko vore minst like viktige. I løpet av dei siste 20 åra, har også dei arbeidd mykje på garden.

– Dei kjenner garden betre enn meg, seier Bergqvam.

Då rakettane trefte

Familien er ikkje berre tilsette for Bergqvam. Dei er nære vener. Då er det ekstra tungt å sitje heime i trygge Sogndal, og sjå dei russiske styrkane ta seg til rette i Ukraina.

Ruvim Prokopenko. frå Kyiv i Ukraina

NØKKELPERSON: Ruvim Prokopenko vert skildra som nøkkelperson for Lomelde Gard.

Foto: Privat

Måndag small dei første russiske rakettane ned i bydelen der familien bur i Kyiv.

– Det gjekk heldigvis bra, men det gjer inntrykk. Vi er i kontakt dagleg, seier Bergqvam.

Han fortel at familien søkjer tilflukt i kyrkja. Der ber dei og set sin lit til at Gud passar på.

Er viktige for mange

Sesongarbeidarane i Noreg kjem i hovudsak frå land innanfor EØS, men blant landa utanfor EØS leverer berre Vietnam fleire sesongarbeidarar enn Ukraina.

Tal frå UDI viser at kvar fjerde av over 10.000 sesongarbeidarar frå land utanfor EØS sidan 2017, kjem frå Ukraina.

– Dei fleste sesongarbeidarane, også frå Ukraina, jobbar innan landbruk- eller gartnarnæringa, seier Christiane Heffermehl Lange, einingsleiar i UDI Opphald.

Uroa arbeidsgjevarar

Ei kartlegging i fjor viste at nær 100 av Gartnerhallen sine produsentar meir eller mindre baserer seg på arbeidarar frå Ukraina. Til saman hadde dei avtaler med kring 800 ukrainske arbeidstakarar.

Kva som skjer i år er uvisst.

– Nokre har kontakta oss med spørsmål knytt til forlenga opphald for ukrainarar som allereie er i Noreg. Andre lurer på moglegheitene for å få ukrainarar inn til høgsesongen april-juli, seier ho.

Vil vere samla

Slik situasjonen er no, kan ikkje norske arbeidsgjevarar og vener gjere anna enn å sende varme tankar.

– Eg betalte ut feriepengane i tilfelle dei treng kontantar, og har bede dei gi beskjed om det er meir eg kan gjere, seier Bergqvam.

Han har også tilbydd familien å kome til Sogndal. Fordi menn mellom 18 og 60 år ikkje får reise ut av landet, takka dei nei.

– Dei er stolte. Dei vil vere samla. Eg skulle ynskje eg kunne gjere meir, seier Bergqvam.

I staden for har Ruvim forsøkt å verve seg for å kjempe mot russarane.

– Det seier litt om den ekstreme innstillinga ukrainarar har. Dei vil slost for landet sitt. Dei er patriotar, seier Berqvam.

Trass i den vanskelege situasjonen, er Bergqvam optimist med tanke på å sjå familien på garden i år. Så lenge byråkratiet spelar på lag med eit hardt prøvd folkeslag.

Anders Bergqvam

Det er ikkje den komande morellsesongen som bekymrar fruktbonden Anders Bergqvam mest. Han lurer på korleis det går med sesongarbeidarane i Ukraina.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Uroa sirkusdirektør

På Nordfjordeid sit ein like uroa sirkusdirektør. 18. mars skulle Jan Kjetil Smørdal og Cirkus Agora hatt ukrainarar i staben sin til sesongpremieren.

– Det er opp til Putin om det blir sirkusturné i år. Så enkelt er det, seier han.

Også sirkusdirektøren er i dagleg kontakt med sine ukrainske vener. Han var inne på tanken om å hente dei med buss, men det let seg ikkje gjere. Menn får ikkje forlate landet.

Smørdal fortel at han tenker på det heile tida. Han har hatt nokre samtalar med livredde stemmer i andre enden. Det har gjort inntrykk.

– Det handlar om liv og død. Det er fortvilande. Eg skal i alle fall passe på at dei ikkje har økonomiske utfordringar, seier han.

Jan Ketil Smørdal.

Sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal.

Foto: Harald Kolseth / NRK