Hopp til innhold

Kjetil streikar for første gong på 43 år: – Me burde gjort det for lenge sidan

Til saman 1422 tilsette er tekne ut i industristreik. Dei meiner dei ikkje har reell moglegheit til å få høgare lønn.

Kjetil Skjerven, Boliden Odda

STREIK: – Dette er rett og slett pinleg, seier Kjetil Skjerven.

Foto: Tale Hauso / NRK

Etter mekling 18 timar på overtid hjå Riksmeklaren vart det til slutt klart: Konfliktane i norsk industri var for store til å unngå streik.

Mandag la 1422 medlemmer i Industri Energi rundt om i landet ned arbeidet.

Ti bedrifter i sju kommunar er råka av den omfattande industristreiken.

Her er lista over alle plassane streiken råkar:

Partane er mellom anna ueinige om kva rettar dei tilsette skal ha ved lokale lønnsforhandlingar.

Streik Boliden

255 tilsette ved Boliden i Odda er tekne ut i streik i den elektrokjemiske industrien. Fleire har aldri streika før.

Foto: Tale Hauso / NRK

Streikar for første gong

Ved sinkverket Boliden i Odda sit tolv streikevakter i gule vestar og drikk kaffi.

Produksjonen ved sinkverket er blitt køyrd ned denne morgonen.

255 tilsette berre her er ute i streik.

– Me burde ha streika for lenge sidan. Til slutt går det ei smertegrense når det gjeld lønn, og der er me no. Dette er rett og slett pinleg, seier Kjetil Skjerven.

Han har jobba ved Boliden i 43 år, men dette er første gong han streikar.

Kjetil Skjerven, streikevakt utanfor Boliden

Kjetil Skjerven streikar for første gong.

Foto: Tale Hauso / NRK

Streikeviljen er likevel stor blant kollegaene.

– Dette er veldig viktig. Eg har jobba i industrien i 14 år og lønna har stått i ro, seier Lars Andre Måge.Boliden er ei produksjonsbedrift som eksporterer til stålindustrien i Europa.

– Dette er den mest alvorlege situasjonen som kan ramma ei bedrift som vår. No taper bedrifta betydelege beløp, seier Gard Folkvord, hovudtillitsvalt ved Boliden.

– Me har sakka akterut fordi me har eit forhandlingssystem som ikkje fungerer, seier Folkvord.

Streik Boliden -- Gard Folkvord

Gard Folkvord, hovudtillitsvalt ved Boliden, meiner situasjonen er alvorleg.

Foto: Tale Hauso / NRK

Systemet han viser til, er at dei skal forhandla hovuddelen av lønnsauken sin lokalt, i dei lokale bedriftene. Dette meiner foreininga Industri Energi at ikkje er reelle forhandlingar.

Har ikkje streika på over 50 år

Ved Eramet, mest kjent som smelteverket i Sauda, er 142 tekne ut i streik.

– Me har to omnar som skal køyrast ned. Så det vil gå gradvis, derfor kan ikkje alle gå ut i streik umiddelbart. Nedkøyringsavtalen me har går over to dagar. Dette er for å unngå skade på utstyret, seier hovudtillitsvald for Sauda fabrikkarbeiderforening, Joachim Andersen.

Han seier at dei ser på det som nødvendig med streik nå, men at ingen av dei tilsette eigentleg ønsker ein streik.

Joachim Andersen hovudtillitsvald for Sauda fabrikkarbeiderforening på første streikevakt utanfor smelteverket

Joachim Andersen er hovudtillitsvald for Sauda fabrikkarbeiderforening og er på første streikevakt utanfor smelteverket.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Me vil det skal visa att i lønnsposane til dei tilsette når det går bra med bedrifta.

Det er meir enn 50 år sidan førre streik ved smelteverket i Sauda.

– Det er på ein måte ein historisk dag, og me hadde ikkje forventa at det skulle bli streik, seier Andersen.

Arbeidsgivar kjenner seg ikkje att

Industri Energi sitt sentrale krav er å styrka dei lokale forhandlingane. Dei vil at arbeidstakarane skal ha fleire rettar i forhandlingane, og peikar på at dette har vore tema i forhandlingane sidan 2016.

– Situasjonen har ikkje betra seg, seier leiar i Industri Energi, Frode Alfheim, i ei pressemelding.

Frode Alfheim, forbundsleiar Industri Energi

Frode Alfheim, forbundsleiar i Industri Energi.

Foto: Carina Johansen

Industri Energi skriv at tilsette har «stått last og brast» med bedriftene sine i krevjande tider.

Dei skal mellom anna ha teke initiativ til nulloppgjer for å berga bedriftene si konkurranseevne.

Forbundet meiner at deira medlemmar ikkje blir møtte med same velvilje i gode tider.

Stein Lier-Hansen er administrerande direktør i Norsk Industri. Han seier dei ikkje kan akseptera å påføra bedriftene «ein årleg risiko for lokale aksjonar».

Stein Lier-Hansen er administrerende direktør i Norsk Industri.

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri.

Foto: Patrick da Silva Sæther / Patrick da Silva Sæther

– Våre bedrifter kjenner seg ikkje att i skildringa av verkelegheita som motparten framstiller, seier Lier-Hansen i ei pressemelding frå Norsk Industri.

Ved Boliden stiller arbeidsgivaren seg uforståande til skildringa av lokale forhandlingar som ikkje fungerer.

– Me opplever at me har reelle lokale forhandlingar og eit godt forhold til fagforeiningane våre, seier administrerande direktør ved Boliden, Helene Seim.

Administrerande direktør Helene Seim ved Boliden

Administrerande direktør ved Boliden, Helene Seim.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Blir sitjande så lenge som me må

– Vår industri har historisk gode resultat, og me må kunna forventa at me får vår del av denne verdiskapinga, seier Folkvord ved Boliden.

Han får støtte frå Alfheim i forbundet, som er skuffa over tilbodet dei fekk i meklinga.

Folkvord peikar på at «gjennomsnittleg industriarbeidarlønn» tidlegare var noko ein kunne måla seg etter.

– Då eg vaks opp kravde andre yrkesgrupper i offentleg sektor lønnsnivå på gjennomsnittleg industriarbeidarlønn. Det høyrer me ingen krevja lenger, fordi alle desse gruppene har passert oss, seier Folkvord.

Han understrekar at han håpar streiken tek slutt så raskt som mogleg.

– Men då må arbeidsgivarane koma på bana med forslag som skaper bevegelse i denne fastlåste situasjonen.

Lars Andre Måge er ein av streikevaktene i Odda.

Lars Andre Måge er ein av streikevaktene i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han får støtte av kollega Måge.

– No er det på tide at lønna går opp. Me blir sitjande her så lenge me må, seier Måge.