Hopp til innhold

Norsk båttradisjon i fare

Sjøfartsnasjonen Noreg manglar ein overordna verneplan for alle båttypar. Fleire båtar kan stå i fare for å gå tapt.

Oselvar eignar seg for segling

Båtar som dette er ikkje sikra vern i Noreg.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Sjøfartsnasjonen Noreg manglar ein overordna verneplan for alle båttypar. Fleire båtar kan stå i fare for å gå tapt.

- Ein kan kome ut for at tradisjonelle båtar langs kysten forsvinn, i og med at vi ikkje har noko oversikt over kva som blir ivareteke.
Det seier Per Hillesund, leiar i forbundet Kysten.

Dei siste ti åra har berre båtar over tolv meter hatt plass i handlingsplanar for fartyvern. Til sommaren skal Riksantikvaren levere nytt forslag til nasjonal verneplan for farty, der oppmodar forbundet Kysten dei til å ta med alle båttypar.

- I dag har ingen eit overordna ansvar for å ivareta denne delen av den maritime kulturarven, fortel Hillesund.

Forbundet Kysten har på oppdrag frå Miljøverndepartementet utreda korleis omsynet til dei små, opne båtane best kan takast vare på. No håper dei at Riksantikvaren tek deira oppmodingar til fylgje.

Risikerer å miste viktige båttypar

Seksjonssjef for fartyvern og tekniske kulturminner hjå Riksantikvaren, Alexander Ytteborg, kan førebels ikkje seie noko om innhaldet i forslaget til den nye verneplanen, men han er samd i at det er manglar ved dagens fartøyvern.

- Vi risikerer å miste veldig viktige båttypar, og vi er jo ein sjøfartsnasjon, så det er eit viktig kulturminneaspekt ved at vi ivaretek denne delen av vår historie. Her er det mykje som er betenkeleg.

I desse dagar kårar Redningsselskapet Noregs nasjonalbåt. Småbåtar som Oselvar, Nordlandsbåt, jekt og geitbåt er alle nominerte. Geitbåten er i leiinga. Forbundet Kysten håper no at Miljøverndepartementet vil bidra til å redde denne delen av båthistoria vår, mellom anna ved å gje Riksantikvaren det overordna ansvaret for alle båttypar.

- Vi meiner det er dei som bør ha eit overordna ansvar for at eit representativt utval av båtar blir ivaretekne for ettertida.