Av Harald Kolseth og Kjell Arvid Stølen

Arkivfoto NRK
- Andre stader har det vore både frostskader og haglskader, men her i Sogn og Fjordane har vi kome veldig godt ut av det vermessig. Det gjeld særleg Midtre og Indre Sogn. Nærare kysten har det vore større nedbørsmengder, mellom anna i Nordfjord, seier Sørum. Hans inntrykk er at det blir eit normalår, eller kanskje litt over det.
Mindre pærer
Og sjølv om dei fleste minnest dette som ein dårleg sommar med lite sol og fint ver, så har dette ikkje ført til noko dårleg år i frukthagane. Det er Sogndal, Leikanger, Vik, Balestrand, Stryn, Eid og Gloppen som er dei viktigaste fruktkommunane her i fylket. Og ingen fruktslag får ein direkte dårleg sesong, seier Olav Sørum. Eit lite unntak er pærene, som det blir mindre kvantum av.
Regnet gjorde godt
Det kraftige regnveret dei siste dagane har ikkje vore til skade, heller tvertimot. - Det var behov for nedbør, for mange stader var jorda tørr, og det ville ha gått ut over storleiken på frukta. No er jorda vassmetta, og dermed får vi normal vekst, seier leiaren i Indre sogn Forsøksring, Olav Sørum.