Hopp til innhold

Norling misnøgd med oppkøyringa

Brann har spelt ni treningskampar utan å ha møtt nokon av dei beste laga i Eliteserien.

Rikard Norling

VIL GJERA DET ANNLEIS NESTE ÅR: Brann-trenar Rikard Norling vil analysere sesongoppkøyringa til Brann, for å gjere den betre neste år.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

– Vi må i høgste grad sette oss ned og analysere oppkøyringa. For om det er noko vi kan vidareutvikle til neste år, så må vi gjere det, seier svensken til NRK, få dagar før Tippeligaen 2014 brakar laus.

Raudtrøyene har hatt ein ujamn sesongoppkøyring, med tap mot både Sogndal, Start og Sandnes Ulf. Brann har spela ni treningskampar, men har møtt tre lag to gonger.

Norling erkjenner at oppsettet ikkje har vore ideelt, men den sindige svensken vel også å sjå positivt på det.

Vil møta internasjonal motstand

Han meiner det kan ligga god erfaring i møta antatt svakare motstand.

– Ja, det kan ha vore bra også for vi har møtt lag som Sogndal og Start som bygger sitt spel på å ligga tett og deretter storma i angrep på kontringar.

– Men er det ideelt å møte same lag fleire gonger?

– Eg forstår kvifor du stiller spørsmålet. Samstundes har det som ny trenar, vore viktigast å sjå på eigne spelarar. Slik sett kunne vi møtt Start åtte gonger.

– Til neste år, når eg har vore her lenger, kan det vera viktigare at vi i oppkøyringa legg opp til å møta betre motstand. Kanskje vi også får til å møta internasjonal motstand.

– Litt uvisse

Sportsleg sjef i SK Brann, Roald Bruun-Hanssen, seier dei ujamne resultata i oppkøyringa gjer at ein møter sesongen med litt uvisse.

– Men vi har sett utvikling og framgang i det spelemessige i kampane. Ein må forvente at ting tek tid med nytt støtteapparat. Så vi går ein sesong i møte med litt uvisse. Men eg trur ikkje den uvissa er farleg, eg trur den skjerpar oss. No byrjar kampen om poenga.

Søndag 30. mars brakar det laust. Då reiser Brann austover for å møte Sarpsborg 08.