Hopp til innhold

Ferjeselskap i hardt vêr mistar alle sambanda

Etter ein turbulent periode, tapar det historiske ferjeselskapet Norled kontrakten på alle sambanda i Hordaland.

MF Strand i brann på Rubbestadneset på Bømlo

FERJEBRANN: Ferja MF Strand tok fyr då ferja var under vedlikehald på Bømlo i fjor haust. Hendinga var berre ein av mange ulukker som har prega Norled den siste tida.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tre selskap blei i dag tildelte kontraktar for åtte nye ferjesamband i Hordaland. Fjord1 tek over Norled sitt ferjeimperium i Sunnhordland, som i fjor var under strekt press.

Fjord1 vert nesten einerådande

Fjord1 tek eit endå større jafs av ferjeflåten. I fjor vart selskapet tildelt kontrakten for sju andre samband i Hordaland. Frå 1. januar 2020 skal Fjord1 også drifta desse sambanda:

  • Jektavik-Nordhuglo-Hodnanes
  • Skjersholmane-Ranavik
  • Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes
  • Jondal-Tørvikbygd.

Boreal Sjø AS er tildelt kontrakten for tre samband.

  • Skånevik-Matre-Utåker
  • Kvanndal-Utne
  • Utne-Kinsarvik

Wergeland AS er tildelt kontrakten for sambandet Masfjordnes-Duesund.

Motorhavari for MF Viking

PÅ GRUNN: MF «Vikingen» fekk motortrøbbel og gjekk på grunn ved Årsnes kai 10. januar i fjor, berre fire dagar etter førre grunnstøyting.

Foto: Borghild Ness

Norled bakkar ut

Ferjeselskapet Norled, som har operert dei fleste ferjesambanda i Hordaland dei siste åra, er dermed heilt ute av fylket.

Ferjeselskapet har lagt bak seg eit halvtanna år med fleire grunnstøytingar, ulukker, motorhavari og ferjebrann. Torsdag vart det klart at Norled ikkje blir tildelt nokre av dei såkalla rutepakkane på ferjesambanda i Hordaland.

– Tildelinga blei gjort ut frå ei totalvurdering der pris, miljøomsyn og energibruk er teken med i reknestykket, seier direktør i Skyss, Oddmund Sylta.

Ferjeselskapet skal drifta sambanda ut 2019. Etter det er det som tidlegare var Hardanger Sønhordlandske Dampskibselskap (HSD) ikkje lenger er ein ferjeaktør i Hordaland.

Selskapet opererer framleis fire hurtigbåtruter i Hordaland.

Slettebø

FORTVILA: Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø var rasande på Norled etter fleire grunnstøytingar i fjor. No vil han ikkje gleda seg over at selskapet har tapt konkurranse på dei nye anboda.

Foto: Mette Anthun / NRK

Bad Skyss vurdera samarbeidet med Norled

Det var ein fantasi Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø sat med i fjor.

– Viss Skyss vil ha tilliten til innbyggjarane, så bør dei vurdera om det er noko hensikt i å halda fram samarbeidet med denne operatøren, sa Slettebø til NRK i januar i fjor, etter fleire grunnstøytingar.

I dag er tonen ein annan.

– Eg har ingen skadefryd overfor Norled. Det var mykje debatt og diskusjon etter ei rekkje hendingar i fjor, men eg opplever at regulariten har vore betre etter det. Diskusjonane me hadde med Norled i fjor, ser eg på som eit tilbakelagd stadium.

Regionssjef: – Bittert

Regionssjef Inge Andre Utåker vedgår at det fell Norled tungt for brystet å sjå kontraktane gå til konkurrentar.

– Det kunne lett ha gått andre vegen, så dette var bittert.

Inge André Utåker

SKUFFA: Regionssjef Inde Andre Utåker i Norled.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Det er spesielt tungt for selskapet, som har hovudsete i Bergen og tilknyting til HSD, å trekkja dei siste ferjene ut av fjordtarmane i Hordaland.

– For vår del er det spesielt. Men det nyttar ikkje å forelska seg i ein landsdel eller eit fylke. Slik er ikkje verda lenger.

Utåker seier Norled framleis har eit håp om å vinna ferjesambanda Fjelberg-Sydnes-Utbjoa-Skjersholmane og Hjellestad-Klokkarvik. Trass i eit utfordrande år, har økonomien i selskapet vore god.

– Det er ingen tvil om at me har opplevd oppoverbakke. Men både 2015 og 2016 har vore god år økonomisk.

Utåker trur ikkje dei mange negative episodane knytt til ferjemateriell har vore avgjerande i utfallet av anbodstildelingane.

–Nei, på ingen måte. Det har vore ein ryddig prosess, og me tapte såvidt på pris og miljøkrav.

Oddmund Sylta

DYRARE OG SJELDNARE: Skyss-direktør Oddmund Sylta seier miljøkrava legg opp til ein ferjeflåte som er dyrare i drift og som gjer at avgangane kan bli sjeldnare.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Kan bli dyrare med færre avgangar

Politikarane har lagt inn svært strenge krav til dei nye ferjekontraktane, noko som inneber ein omfattande reduksjon i CO₂-utslepp, forbruk av drivstoff og energibruk.

– Me er svært nøgde med miljøløysingane ein har kome fram til, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø i ei pressemelding frå Skyss.

Kravet til lading gjer at fleire samband òg risikerer færre avgangar.

– Me er glad for at nye og meir miljøvenlege ferjer kjem inn, men me kan ikkje akseptera at me skal betala meir for ferjer som går sjeldnare, seier Slettebø.

Sylta seier det enno er uvisst korleis ny ferjeteknologi vil påverka hyppigheiten på ferjesambanda, men han seier at ferjer som i dag har kort liggetid ved kai, vil kunna risikera lengre opphald.

– Det verste ein kan sjå for seg er ei liggetid på maksimalt ti minutt. Det gir ikkje dei store utslaga, men kan gi utslag på nokre ruter. Det har me vore tydelege på.