Sjå bileta: Rekord i maraton
Inge Asbjørn Haugen sprang sin 267. maraton og er stolt over rekorden på heimebane.
Hafsås vann
Og den som nok ein gong drog ein siger i heilmaraton i land i Hornindal, var Helge Hafsås. Hafsås, som har vunne flest maraton i Norge, kom i mål på tida 2.37.32. Og han skulle gjerne hatt tida endå litt ned, men sleit tungt delar av løpet.
Ivar Andre Slinde frå Gloppen vann halvmaratonet, medan Håvard Sollid frå Hornindal kom på andreplass i minimaratonet.