Hopp til innhold

Strippar Statsraaden «naken» for første gong på over 100 år

LAKSEVÅG/SOTRA (NRK): «Statsraad Lehmkuhl» har segla med det same skroget sidan 1914. No startar ei ti år lang restaurering av Noregs største seglskip.

Klinking av stålplater på «Statsraad Lehmkuhl»
Foto: Øyvor Bakke / NRK
Arbeidarane har halde på i sju veker i tørrdokken på Laksevåg. I midten av mars må dei vera ferdige.

– Det var absolutt på tide. Det såg me då me opna opp her. Det er jo ein veldig viktig del av skipet, som må vera solid og sterk.

Prosjektleiar Bjørn Anders Nesdal står framfor eit heilt spesielt arbeid: Å restaurera «Statsraad Lehmkuhl».

Skipet blei bygd i 1914, som skuleskip til den tyske handelsflåten. I 1923 blei det kjøpt opp av Norsk Rederiforbund. I dag er det kjent som Noregs største seglskip, og «Bergens stolthet».

104 år seinare startar eit vanskeleg arbeid: Å byta ut heile skroget.

Statsraad Lehmkuhl i Stavern

STAVERN: «Statsraad Lehmkuhl» i Stavern. Slik ser ho ut i dagleg virke.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Intense intervallar

– Etter planen vil det ta 10 år å skifta ut stålet. Me vil ikkje ta skipet ut av drift, og har berre ei viss tid me kan liggja i tørrdokk. Me har starta i baugen og skal jobbe oss bakover, seier driftssjef Magnus Klepsvik.

Når dei gamle stålplatene no skal vekk, må det skje forsiktig. Det gamle stålet er nemleg mal for dei nye platene.

Magnus Klepsvik

STARTA I BAUGEN: Me har starta i baugen og skal jobbe oss bakover, seier driftssjef Magnus Klepsvik.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Alt må merkast med tal og beskjedar. Dei som skal laga den nye plata må vite nøyaktig kva me er ute etter. Alt frå storleiken på hola, til kor hola skal vera. Det er litt av eit puslespel, seier Nesdal.

For å få det til må dei gamle stålplatene demonterast, før dei blir skanna med laser.

Ei datamaskin brukar laserinformasjonen til å laga ei fil. Den blir sendt til ei datamaskin, som er knytt til eit brennebord. På brennebordet blir den nye stålplata forma heilt lik som originalen.

Gammal stålplate frå "Statsraad Lehmkuhl"

3D: Denne 104 år gamle stålplata er fjerna frå skroget til «Statsraad Lehmkuhl». Notata gir viktig informasjon til dei som skal produsera ein nøyaktig kopi av stålet.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Klinke, ikkje sveise

«Statsraad Lehmkuhl» er eit såkalla klinka stålskip. Det betyr at dei nye platene ikkje kan sveisast på plass. Dei må klinkast.

Metoden «klinking» går ut på at kvar glødande nagl blir banka på plass av to arbeidarar. Ein som slår, og ein som held imot på baksida. Det tek tid.

– Det er jo eit fag som forsvann for fleire tiår sidan. Sveising er nok enklare og meir økonomisk, men i Noreg har me ein stor flåte av verneverdige, klinka fartøy. Dei skal gjerne restaurerast på denne måten, seier Nesdal.

Arbeidar brenn laus stålplate frå Statsraad Lehmkuhl

STÅLPLATE: Ein arbeidar brenn laus ei stålplate frå «Statsraad Lehmkuhl».

Foto: Øyvor Bakke / NRK

20 millionar – berre i år

«Statsraad Lehmkuhl» skal på sjøen att om nokre veker. I løpet av tida i tørrdokken har skipet då fått fleire nye stålplater og den vanlege femårssjekken.

Kostnadsramma for arbeidet berre i år er på om lag 20 millionar kroner.

– Når me no skiftar ut det som er sjølve skjelettet på den gamle dama, er det absolutt noko spesielt. Det er fint å gjera det her på Laksevåg, som har lange skipstradisjonar, seier Klepsvik.

– No håpar me at jobben me gjer, vil vara i minst 100 år til, seier Nesdal.

Sjå meir av arbeidet på innsida av Statsraaden: