Hopp til innhold

Regjeringa vil vurdere om lastebilsjåførar skal få fortrinnsrett

Fellesferien står for tur og kampen om ferjeplassar spissar seg. Regjeringspartia har bedt Vegvesenet vurdere kven som skal sleppe fyrst inn på ferjene.

Bilar ombord ferje i NOrdfjord

KAMP OM PLASSEN: Sommaren er høgtid for biltrafikk på det norske vegnettet. Då hardnar også kampen om plass på ferjene til.

Foto: Oddleif Løset

Norges Lastebileigar-Forbund vil ha fortrinnsrett for godstransport. Det fell ikkje i god jord hos alle.

– Sjåførane har vegane som arbeidsplassen sin. Det er heilt meiningslaust at dei skal bruke timevis kvar dag på å vente på grunn av bubilturistar.

Det seier Knut Gravråk i Norges Lastebileigar-Forbund (NLF).

Medan ferjene forsvinn i horisonten med bubilturistar, står frustrerte lastebilsjåførar att på ferjekaiene, ifølge NLF.

No krev dei at godstransport får fortrinnsrett på norske ferjer. Samferdsleministeren seier han har bedt Statens vegvesen gjere ei vurdering om det er fornuftig.

Vil vere på prioriteringslista

Kven som blir prioritert på ferjene blir regulert av Forskrift om transport med ferje.

På denne lista står mellom andre utrykkingskøyretøy, legar, jordmødrer og transport av farleg last. Livsviktig transport skal alltid prioriterast øvst.

På denne lista vil Gravråk også sjå godstransport i framtida.

Kva meiner du? Lenger nede i saka kan du gi frå deg stemma di.

Det som kan virke som ei lita forseinking for ein privatbil, kan få store følger for ein godstransportsjåfør.

– I verste fall fører det til at du kjem seint ut når det gjeld kviletid, og då kan heile arbeidsveka bli forskyvd.

Knut Gravråk

Gravråk i Norges Lastebileigar-Forbund minner om at sjåførane er menneske som har vegane som arbeidsplassane sine.

Foto: Lastebileierforbundet

Men tillitsvald i Sjømannsforbundet, Ilja Vasiljev, er kritisk.

Han meiner fortrinnsrett for lastebilsjåførar, berre vil skape meir kaos på kaiene.

– Folk er forbanna når dei står på kaia og ventar på ei ferje. Får nokon i tillegg fortrinnsrett, blir det ikkje behageleg å vere der.

Han peiker på at ferjemannskap allereie blir skjelte ut av sinte passasjerar som ikkje kjem med.

– Dersom godstransporten får fortrinn, så vil andre også ha det, seier Vasiljev.

Det er ikkje første gong NLF tek til orde for prioritet. Men i år har kampen om plassane blitt ekstra hard.

– Det er eit problem som har auka etter at ferjer vart gratis, seier Gravråk.

Forbundet seier også at mannskapsmangel på ferjene fører til fleire kanselleringar, som igjen gjer situasjonen vanskeleg.

Burde lastebilar (godstransporten) få fortrinnsrett på ferjer?🚛

Vil ha fortrinnsrett for all godstransport

Vasiljev, som til dagleg jobbar som matros på bilferje i Norled, stadfestar at det er stor mannskapsmangel hos fleire ferjeselskap, og at det i verste fall fører til at ferjer ikkje går frå kai.

Men forslaget til NLF, er berre ein god idé om ein vil skape endå meir kaos, meiner han.

– Kva så med utanlandsk godstransport som ikkje er medlem av NLF, skal dei og ha fortrinnsrett?, spør Vasiljev.

Til det svarar Gravråk i NLF at det ikkje er noko krav om å vere medlem hos dei:

– Vi ønsker å sikre all godstransport gode vilkår, og meiner dette er eit fornuftig verkemiddel for å oppnå det.

  • Apropos ferjer: I år har både ferjeselskap og Vegvesenet lansert kampanjar for å minne folk på god folkeskikk om bord ferjer.

Regjeringspartia: Er opne for å sjå på justeringar

– Senterpartiet er open for å sjå på justeringar i forskrifta, og departementet har bedt Statens vegvesen gjere ei slik vurdering, seier leiar i Transportkomiteen på Stortinget, Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Samstundes er han klar på at det ikkje er ei enkel sak:

– Konsekvensane av å prioritere stadig fleire grupper er at dei som er «uprioriterte» kan risikere å måtte stå over fleire avgangar. Det vil også skape utfordringar på ferjekaia når ulike grupper køyretøy skal «sorterast».

Gjelsvik meiner derfor det viktigaste vil vere å styrke ferjetilbodet. Regjeringa har innført gratis ferjer på fleire samband, Gjelsvik meiner det er ein viktig grunn til at ein del samband no opplev kraftig auka trafikk.

– Gratis ferjer gjer det meir attraktivt for turistar å legge turen innom ulike samfunn, pendlarar får løfta ei økonomisk byrde av skuldrene sine, og bedriftene sparar i mange tilfelle millionar av kroner, seier Gjelsvik.

Marte Mjøs Persen (Ap) er medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen. Ho meiner det er all grunn til å ta yrkessjåførane på alvor når dei varslar eit problem.

– Så denne problemstillinga får vi gå vidare inn i, seier ho og vedgår at vedgår at det er problematisk at lange ferjekøar forseinkar verdifull transport.

Samstundes ser Mjøs Persen utfordringar knytt til å prioritere mellom trafikkgruppene.

– Det viktigaste her er jo kapasiteten på ferjesambanda, seier ho.

Les også – Gratis ferje betyr mykje for øy-turisme

Ferge Hidra

Forskrifta må bli endra

No står ein på tampen av ein periode med opp til 40 prosent auke på enkelte vegstrekkjer i Noreg.

Dag Hole i Statens vegvesen seier han forstår frustrasjonen godstransportsjåførane kan kjenne på i det ferjene forsvinn i horisonten, fullstappa med bubilar.

Men det er ikkje berre å legge dei til på prioriteringslista.

– Skal lastebilane få fortrinnsrett, må forskrifta endrast, seier Hole.

Dag Hole, direktør ferjekontoret, Statens Vegvesen

Dag Hole er avdelingsdirektør for ferjer i Statens vegvesen.

Vegvesenet får frå tid til anna førespurnadar om fortrinnsrett, og Hole seier dei kan gi det i særskilde tilfelle.

– Vi opplever at ønsket frå NLF som generelt for bransjen og heile landet. Då er ikkje vedtak rette vegen å gå. Det er meir naturleg å regulere det i regelverket vi allereie har, seier han.

– Likevel vil de ikkje gi generelt fortrinn heilt utan vidare?

– Det er litt for tidleg å svare på strak arm. Vi skal ha dialog med NLF og sjå om det er ting som kan gjerast lettare. Så ser vi sjølvsagt også på problematikken med endring av regelverket.

NLF ønsker seg i utgangspunktet fortrinnsrett på alle ferjestrekkjer i heile landet.

– Om Vegvesenet ikkje kan gi oss fortrinnsrett så raskt, må vi kanskje diskutere spesifikke ferjesamband og starte der, seier Gravråk.

Har blitt betre

Avdelingsleiar i Nor-Log i Bergen og Norheimsund, Helge Tronstad, vil ikkje kommentere på om godstransporten burde få fortrinnsrett.

– Men her i Hardanger er det sett opp to ferjer mellom Jondal og Tørvikbygd, og det er eit veldig bra tiltak.

Også i Møre og Romsdal har problemet betra seg dei siste åra, meiner Nils André Søvik, avdelingsleiar i Nor-Log Ålesund og Molde.

– Det er store ferjer og hyppige avgangar, så på Europavegsambanda har det i alle fall blitt betre, seier Søvik.

Han støttar likevel forslaget til NLF.

– I denne bransjen er tid pengar, og om du hamnar bak ein bubil og misser den ferja du ville ta, er det sjølvsagt eit stressmoment.

MF «Vestrefjord»

Sambandet Molde – Vestnes er eit av dei mest trafikkerte i Møre og Romsdal.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Gravråk i NLF meiner det er viktig å peike på at fortrinnsrett for godstransporten, ikkje vil føre til fleire lastebilar på ferjene.

– Eg trur det er god plass til turistar, lastebilar og fastbuande på ferjene, men vi må ta grep spesielt dei månadane vi står føre, slik at godstransporten ikkje stoppar opp, seier han.

Les også Truga Rogaland med millionkutt – no har regjeringa fått det som dei vil

Ferja Vollsøy på vei fra Mekjarvik i Randaberg til øykommunen Kvitsøy i Rogaland.

Les også Lastebil måtte vike for bobilene: – Trodde det var en spøk

Yrkessjåfør Richard Plejdrup synes det er uhørt at han ble satt bakerst i køen til fordel for bobilene - selv om han var veldig tidlig ute til Moskenes-ferga.